Byggjer ti leiligheiter i Stangvika – må selje sju-åtte for å realisere prosjektet:

Svein Løvik (f.v.) og Erling Talgø frå Talgø Bygg er glade for å få vere med på laget når Bjørn Kristian Brøske (t.h.) og Stangvik Boligutvikling planlegg bygging og sal av ti sjølveigarleiligheiter i Stangvika.

– Målet er å skape utvikling i bygda og kommunen

I juni startar Stangvik Boligutvikling salet av inntil 10 flunkande nye leiligheiter i Stangvika. Med seg på laget har dei hovudentreprenør Talgø Bygg, og no håpar samarbeidspartnarane på god oppslutning om det dei omtalar som eit bygdeutviklingsprosjekt.

– Heile essensen i prosjektet var at dette skal vere bygdeutvikling, og vi var tidleg samde om at vi, så langt det let seg gjere, berre skulle bruke lokale firma.

Det seier Bjørn Kristian Brøske, ein av initiativtakarane bak Stangvik Boligutvikling. Selskapet nærmar seg no klare til å starte salet av totalt 10 sjølveigarleiligheiter i gamle Stangvik sjukeheim.

Leiligheitene er frå 70-150 kvadratmeter, og Brøske & co håpar å treffe alle kjøpargrupper med prosjektet.

– Vi er livredde for å ekskludere enkelte kjøparar. Eitt av måla våre er at vi skal treffe både førstegongskjøparar, eldre, yngre, barnefamiliar og folk som planlegg å bu i Stangvika i enkelte sesongar i løpet av året, seier han, og fortel at det har vore stor pågang rundt prosjektet, spesielt etter nyttår.

– Den pågangen gjev oss trua på at vi skal få til å realisere prosjektet.

Skisse, Stangvik Boligutvikling/arkitekt Georg Øye

Fast pris frå rundt to millionar og oppover

For å kunne sette i gang, må dei truleg førehandsselje sju eller åtte av dei ti leiligheitene, som er på alt frå to til fem rom.

– Slik det ser ut no, er vi ganske trygge på at nokre av leiligheitene vert seld veldig tidleg. Så handlar det om å arbeide seg vidare opp mot dei 70-80 prosenta vi treng, då blir det full skuv i prosjektet, seier Brøske.

Han oppmodar alle som er nysgjerrige og interesserte til å ta kontakt, og fortel at gjengen bak Stangvik Boligutvikling allereie har vore heime hos potensielle kjøparar for å informere, og at dei har vore med andre på befaring både utanfor og inne i bygget.

Forventa salsstart er i juni, og prisen for leiligheitene blir truleg frå i underkant av to millionar kroner og oppover. Alle leiligheiter vil bli lagt ut for ein fast pris.

– Ja, vi tek sikte på at fleire av einingane vil ligg rett under, eller rundt, to millionar kroner. Samtidig vil jo dei største, på rundt 150 kvadratmeter, naturleg nok ligge ein del over det, seier Brøske, og legg til:

– Det er i alle fall ein ting som er sikkert; det går ikkje an å gjere dette billigare. For vi sit ikkje som profitørar i bakhand for å tene pengar her. Så prisane gjenspeilar rett og slett prosjekterings- og byggjekostnadane våre, verken meir eller mindre.

Med ti leiligheiter vil den totale investeringa for initiativtakarane bli på i underkant av 30 millionar kroner, så det er liten tvil om at det er snakk om eit stort prosjekt.

– Prognosane for at vi skal lykkast med å realisere prosjektet ser betre ut enn nokon gong. Klarar vi å realisere ti bueiningar i ei grend, som frå før har 150 innbyggjarar, skal vi gje oss sjølve eit klapp på skuldra, seier han.

Skisse, Stangvik Boligutvikling/arkitekt Georg Øye

Har jobba med planlegging i om lag eitt år

Samarbeidet med Talgø-konsernet starta med uformelle samtalar på Byggmakker, og har ført til møteverksemd mellom Stangvik Boligutvikling, Talgø Bygg og arkitekt Georg Øye i om lag eitt år.

– Talgø tok imot oss på ein veldig god måte, og for vår del har dei vore ein veldig viktig sparringspartnar undervegs i prosjekteringa. Det gode samarbeidet er og ein av hovudgrunnane til at vi no nærmar oss salsstart og realisering av prosjektet, seier Bjørn Kristian Brøske.

Divisjonssjef Svein Løvik og nestkommanderande i byggdivisjonen i Talgø, Erling Talgø, deler Brøske si oppfatning.

– Det har vore eit godt samspel, der alle komme partar har med innspel og korrigeringar, og komme fram til noko vi alle trur er salbart og attraktivt, seier Løvik.

Brøske held fram:

– Vi trengte ein hovudentreprenør som er robust og stor nok, men som talar det same språket som oss. Talgø sit med erfaring frå denne typen prosjekt. Det var trygt og godt for oss, som manglar den erfaringa, så det har rett og slett vore eit veldig bra samarbeid.

Let seg fascinere av pågangsmotet

Samarbeidspartnarane er samde om viktigheita av denne typen bygdeutviklingsprosjekt.

– Målet er å skape utvikling i bygda og kommunen. Så håpar vi absolutt og at prosjektet kan skape framtidig pågangsmot, anten i Stangvik eller i andre grender, der folk kanskje sit med dei same tankane, seier Brøske.

Erling Talgø fortel at engasjementet frå eldsjelane i Stangvik Boligutvikling var viktig for at Talgø Bygg valte å involvere seg.

– Vi i Talgø, som held til i Todalen, ser at det er eldsjeler og dei som står på for bygdene, som får bygdene til å utvikle seg vidare. Det var og litt av det vi fall for då dei presenterte prosjektet for oss. Vi er glade for at vi fekk vere med, seier han, og får støtte av Talgø-kollega Løvik:

– Det er som Erling seier. Alle her har vore med på eldsjelprosjekt tidlegare, og då let vi oss fascinere av pågangsmotet i den gjengen som prøvar å få til dette. Det er veldig synd at eit så bra bygg står der og ikkje er i bruk, og når det i tillegg ligg slik til som det gjer, deler vi Stangvik Boligutvikling si tru på at vi skal få realisert dette.

Løvik tek opp att tråden frå det Brøske tidlegare nemnde om å bruke lokale aktørar i prosjektet. Han fortel at både Byggmakker og Talgø Tradbo allereie har vore inne i biletet, og at prosjektet blir gjennomført i regi av Talgø Bygg, som er det nye namnet til elementavdelinga i Todalen.

– Vi kjem til å bruke dei lokale under- og søsterbedriftene våre til utføringa av prosjektet. I tillegg er Rørservice og Tingvoll Elektro med. Dei kjenner infrastrukturen i bygget godt frå før, og kan bidra med lokalkunnskap der, seier han, og legg til:

– Prosjektet omfattar oppdrag av heile breidda av det Talgø kan tilby, og vi legg ikkje skjul på at dette er ein veldig stor ordre for oss. Vi er kjempesmigra for å få lov til å vere med, og glade for det gode samarbeidet vi har hatt så langt.

Skisse, Stangvik Boligutvikling/arkitekt Georg Øye
Skisse, Stangvik Boligutvikling/arkitekt Georg Øye
Skisse, Stangvik Boligutvikling/arkitekt Georg Øye

Rosar samarbeidspartnarane

Den siste tida har prosjektet dreidd seg om å finne gode løysingar for uteområdet, når det gjeld parkering, biloppstilling, fellesareal og så vidare. Det arbeidet er det Mesta som står for.

– Dei kjem til å ha ansvar for alt av entreprenørarbeid og graving utvendig – det vil seie alt frå etablering av tomt og fellesareal til nye carportar og asfaltering, seier Brøske, som og rosar dei øvrige samarbeidspartnarane til Stangvik Boligutvikling.

– SpareBank 1 Nordmøre har bistått oss med erfaring og rettleiing på den finansielle biten, så dei har vore veldig viktige for oss. Vi er ikkje investorar, men eldsjeler, som har lyst til å få til dette for omlandet sin del, seier han.

Brøske trekkjer og fram arkitekt Georg Øye.

– Georg har vore ein uvurderleg partnar frå dag ein. Det har vore ein luksus for oss å ha han, som har stilt opp nærmast døgnet rundt. Det å ha ein slik ressurs lokalt, har gjort alt mykje lettare for oss.

Powered by Labrador CMS