Bøfjorden Historielag:

Samhandling og tilvekst
Dugnad er stikkord for mykje lokal kultur. Det opplever også historielaget og museet i Bøfjorden.
Sist søndag samlast mange om naturnamn og lattermild ordkunst. Og nye «gammelting» kom på plass.
«Bastuba», «Øraliv» og meir til
Med artige vers av Hans Hyldbakk og Jørgen Gravvold var latterfaktoren høg. «Pollakarrain va tå rette gutå, og vaksn va dem fær dem kom-tu klutå», fekk vi høre. For somme var det ny kunnskap at famntakaren Polla-Pe var far til diktaren!

Det fortalte Holger Skei frå sin plass i salen. Og Holger var ikkje snauare enn at han handfritt deklamerte «Bastuba» så latteren stod i taket. Frå lerretet las vi i lag «Nordmørsminne» - illustert av «bjørka på Levik-lainna, så va den føst så vart grøn å våren».

Hyldbakk-versa fekk følgje av laussleppte og samtidig tankevekkjande Jørgen-dikt: «Ita kvitløk», «Koristen», «Kyrkjedag», «Han Olaf og møkkja» og «Øraliv». Viss ein god latter forlengjer livet, var det helsebot i versa!

Terrengnamna engasjerte Kjernen i dagens tema var naturfoto - med terrengnamn i fokus. – Interessant, artig og lærerikt! lydde kommentane etterpå. Ros vanka også til produkta frå kjøkenet.

Samhandling pregar ofte temastunder på museet. Som her: Todalingane kommenterte med innsikt biletet av Grinarane, Skjerdingfjellet og Snøfjellet der inne. Og solfasene over Åbitshaugen, Durmålhaugen og Nonsvardane var gamle tiders klokkeslett.
Samtalane om korleis namna har vorte til, kva dei betyr og korleis dei best bør skrivast, skapte engasjement. Landskapsforma lagar ord som Nordviksulå, Skarfjellet, Kleppen, Hjelmen – og så Sjølgjetla (der brattlendet gjer at dyra «gjæter seg sjøl»).


Namna fortel ymse
Mytologien ligg mesta synleg i landskapet: Trollbakken, Tussan, Jutulsteinen og Gjuraføttet (der trollkjerringa – gygra; dialekt «gjura») trødde så tung at det vart ei stor svokk i berget!

Nokre namn fortel om setring og markadrift: Steinbakken, Smørhølen, Smørbekken, Kvilarsteinen. Andre dokumenterer dramatiske hendingar: Sjursfløgda, Erksletthammaren, Mannbjønnberget.

Grensepunkt har sine namn. Furua på Byttollneset var «utgardspåle» mellom Stangvik og Halsa. I Håkkåsteinen skal det vera sju gardsbyte, og der møtest i dag fylka Trøndelag og Møre.

Samlingane veks
Ny sesong er altså i gang på sjøbruksmuseet. Skuleklassar og publikum har funne vegen. Styret håpar på mykje besøk no i lagets 30-års jubileumssesong.

Og samlingane veks stadig: Kari og Jon Heitmann har sørga for at stortingsrepresentantane frå sjølstendighetsåret 1905 er komne på veggen i glas og ramme.

Søndag kunne dagens vert Kristian Settem vise ei flott gåve frå Per Arne Gjengstø: Autentisk militæruniform frå 1940 - slike som soldatane Gunnar Bøe og Hallvard Røen bar da dei fall i krigshandlingane.

Som ved eit tilfelle fekk museet samtidig eit par vottar med mønsteret «Alt for Norge. H7 - 1940» - strikka av Astrid Rosvoll. Terrengbiletet av «Håkon 7» i steinskrift på toppen av Hjelmen vart ein god illustrasjon. Styret uttrykkjer takk for alle desse gåvene. Gevinstbordet til sesongutlodninga veks også – til glede og nytte for eit kulturtiltak som er og blir avhengig av dugnad og oppslutning frå bygda og distriktet.

Og 6. juli er temaet «Gulltransporten i 1940» - fortalt av Terje Holm.