Komiteleiar Gunnhild Vetleseter Bøe (t.v.) overrekte ein fortent bygdepris til Elise Settemsdal på 17. maifesten i Bøfjorden Grendahus.

Honnør til Elise

Utdeling av den lokale Trollbakkprisen er alltid eit høgdepunkt på 17. maifesten i Bøfjorden. Og årets vinnar, Elise Settemsdal, fekk stor applaus.

Publisert

Bøfjorden Historielag står bak utmerkinga, som er ei påskjønning for særleg innsats for bygda og folket der. 

Komiteen uttalar at (Martha) Elise Settemsdal få prisen for allsidig dugnadsinnsats i alle år.

 - Ho er eit ja-menneske som er engasjert i alt som skjer i bygda, heiter det i grunngjevinga.

Ikkje minst har Elise gjort ein enorm innsats på Bøfjorden Grendahus. Og vinnaren har elles teke vare på mykje historie og kultur, mellom anna lokale terrengnamn.

- Ho tek ofte eigne tak, fjernar søppel, ryddar langs vegar og hus. Ja, ho grip gjerne hekksaksa og avlastar det offentlege med kantslått! sa historielagets leiar Bernt Bøe humoristisk under overrekkinga.

I mange år har Elise frivillig rydda og pynta rundt Bjønnastøtta i Haugaskaret. Den vart reist i 1926, så i sommar er det jubileum.

No i 2026, da Bjønnastøtta i Haugaskaret fyller 100 år, er det grunn til å rose Elise for at ho stadig, og på eige initiativ, sørgjer for stell og blomsterpynting ved dette minnesmerket over Skyttar-Tølløv og Mannbjønnen, vart det sagt.

Og typisk nok kom Elise med ein kommentar til dette etter at applausen hadde lagt seg: - Koparplata på steinen treng oppussing!

Trollbakkpriskomiteen hadde mange kandidatar på blokka i år. Men som applausen bekrefta til overmål: Elise er ein verdig vinnar!

Powered by Labrador CMS