Kulturvøkku 2025

"Hvad er taalmodighet?"
Mandag i Kulturvøkku 2025 var det tradisjonelt husmøte i Løsetlånna på Rindal Skimuseum. Kveldens "predikant" var Bernt Bøe som delte kunnskapen sin om haugianaren og lekpredikanten John J. Tørseth (1810-1885) frå Rindal, som gjekk under namnet "Jo Sengen".

Jo Sengen fekk namnet sitt fordi han frå tidleg i tenåra levde livet sitt i senga. Som gut var han ein aktiv kar og lika godt å fiske. Etter å ha gått berrføtt i skog og kaldt elvavatn fekk han smerter og etter kvart store sår på beina. Til slutt klarte han ikkje å gå, og han måtte halde seg i senga resten av livet.
I senga vart det bøker som vart livet hans. Gode hjelparar sørga for at han både kom seg ut i friluft, fekk skulegong og konfirmasjon. Tenk deg ein skuleelev i ei seng i omgangskulen!
Det var prost Lars Lund Finckenhagen som konfirmerte han etter eksaminasjon både før undervisninga og på konfirmasjonsdagen - i seng i kyrkja.
Eit av spørsmåla Jo Sengen fekk av prosten var "Hvad er taalmodighet?" Vi rekner med at sekstenåringen som alt hadde opphalde seg på årsvis i ei seng kunne gjere greie for det spørsmålet godt nok for prosten!
Etter kvart vart Jo Sengen ein dyktig og kjent lekpredikant som reiste rundt i heile Trøndelag. Vennene hans frakta han rundt i ei spesiallaga vogn med godt feste for senga. Og den vesle, blakke fjordingen hans var spent for vogna.
Jo Sengen las ikkje berre bøker, han skreiv også. Både bøker, brev og songar signert John J. Tørseth finns framleis i Rindal. Songboka har 139 salmer, og Jo Sengen har skrive 52 av desse. Rindal kirkekor song i si tid ein song signert av han og harmonisert av Bernt Bøe.
Jo Sengen døde våren 1885, 75 år gammal. Eit strevsamt liv som krøpling, men også som høgt verdsatt predikant, var slutt. På spørsmål frå vennene om han hadde håp om å bli salig, svara han:
-Ja, e håpa på det. - Ja, e håpa på det. - Ja, e håpa på det.
Bernt Bøe avslutta foredraget sitt for den lydhøre forsamlinga med dette sitatet frå Jo "Sengen" Tørseth:
-Lider nogen iblant eder ondt, han bede
Er nogen vel tilmode, han synge!
Deretter song forsamlinga enda ein av songane til Jo Sengen så rutene i Løsetlånna rista!
Du kan lese meir om John J. Tørseth/Jo Sengen i Rindal Heimbygdlag Årsskrift 1985 og i Gamle Nordmør 2019.





.