Bøfjorden barnehage

Førskolebarna på tur til Hjelmen
Bøfjorden barnhage er ein over gjennomsnittleg turglad barnehage. Kvar vår har vi ein avslutningstur for førskulebarna i barnehagen. Turdestinasjon og aktivitetar på turen varierer etter barnas interesser, ønsker og kva som er mogleg å gjennomføre.
For årets førskulebarn har tur til Hjelmen vore eit ønske veeeldig lenge. Hjelmen ligg 978 meter over havet, og turen er 3,1 km ein veg. Den har ei stigning på 767 meter. «StikkUT» klassifiserer turen som «krevande». Det var altså ikkje ein lett tur dei ønskte seg.
Hjelmen er karakteristisk, og godt synleg frå Bøfjorden. Fleire av barna ser dette fjellet heimanfrå. Barna våre er turvante, med både Settemsvarden og Bølia på lista over «gjennomførte» barnehageturar, så ønske om å dra til Hjelmen er kanskje ikkje så rart. Og med barnehagetilsette som har ei innstilling til tur, som seier at vi skal sjå «moglegheiter framfor begrensningar», var ønsket om å få dette gjennomført stort.

På grunn av bl.a. vêret var vi lenge usikre på om dette ønsket kunne innfris. 26. juni 2025 var vår siste sjanse. Dagen før låg det skodde på toppen, og ei bekymra bestemor advarte oss mot å gå dit i skodda. Var det skodda som skulle stoppe oss?
Men dagen kom med eit perfekt turvêr.
I sekken hadde vi vaksne pakka bl.a. motivasjon i form av oppmuntrande ord og turgodt, men det trengte dei visst ikkje. Å få gå til Hjelmen, som dei hadde ønskt seg så lenge, var motivasjon nok. Så dei la iveg oppover bakkane. Det fortel vel litt om kor mykje turlivet vårt elles har å si, for erfaring, motorikk og å takle motbakkar.
Det var viktig for oss å gje barna meir enn berre «gå turen». Det vart difor fleire stopp med tid til å leike, både på turen opp og ned, og ikkje minst på toppen. Tid nok til bl.a. å utforske naturformasjonar, leike i snø, og å prøve å kaste stein heilt ned til Belavatnet. Leik og fantasi er vesentleg, også på tur. Barna såg trollets fot, auge og nase, dei var på jakt og dei var ville dyr..

«Tregrensa» var eit omgrep dei lærte seg på turen. På turen opp vart tregrensa ein fin stad å ta første mat og drikkepause. På turen ned fekk dei, ved tregrensa, kvar sin spikkekniv i gåve, som måtte prøvast med ein gong.

Miljøbevisste er gjengen også; Dei fann og plukka fram søppel som andre turgåarar har stappa innimellom steinane på varden. Det tok vi med ned for å kaste på riktig plass..



Etter ei stund på toppen av Hjelmen, kom kommentaren: «Kan vi færra hit i mårgå å?
Vi er glade for at vi gjennom fem barnehageår har fått gjeve dei moglegheiter til å kjenne på turgleden, gleden over utsikta frå ein topp, gleden over å bruke kroppen fysisk og mål å jobbe mot. Opplevingar og erfaringar, til nytte vidare i livet….
Bøfjorden Barnehage