Fire personer oppstilt foran et skolebygg.
F.v. Berit Tønnesen, Lilly Nyheim, Per Vidar Kjølmoen og Bente Mosbakk

Vidaregåande skule og yrkesfag er den viktigaste saka for Arbeiderpartiet

Ved middagstider tysdag, var førstekandidat Per Vidar Kjølmoen og tredjekandidat Berit Tønnesen for Møre og Romsdal Arbeiderparti til haustens stortingsval på besøk i Surnadal, der dei også hadde lagt opp til eit lite pressetreff.

Publisert

Med bakgrunn i at det akkurat no går føre seg ein strukturdebatt for den vidaregåande skulen i fylket, så var det nok ikkje tilfeldig at pressetreffet var lokalisert til Surnadal videregåande skule på Øye.

Per Vidar sit i dag på Stortingen for Møre og Romsdal Arbeiderparti, medan Berit er 1. vara til Stortinget for same parti. Dei siste målingane viser at Berit berre manglar rundt 200 røyster for å bli tredje representant for Møre og Romsdal Arbeiderparti på Stortinget ved valet til haustens val.

Møre og Romsdal Arbeiderparti har i år valgt videregåande skule som si hovudsak under valkampen til haustens stortingsval. 

– Dette har vi gjort for di vi ser at videregående opplæring er fole viktig for Møre og Romsdal, sa Per Vidar. 

– I Møre og Romsdal velger sekstifem prosent av elevene yrkesfag, og da er det veldig viktig å ha et yrkesfagtilbud i hele Møre og Romsdal, la han til. 

Nærheit til tilbodet vart også framheva som viktig for å redusere fråfallet i den vidaregåande skulen.

Videregåande skule har også vore eit satsingsområde for Arbeiderpartiet også i inneverande stortingsperiode, og det er brukt nær ein milliard kroner meir berre på yrkesfag i år enn tidlegare. Dette har resultert i at det kan brukast meir pengar på utstyr til yrkesfaga, da dette er fag som krev meir utstyr enn dei teoretiske studieretningane.

– Etableringa av Nasjonalt senter for yrkesfag i Molde, som åpner i haust, er også et konkret resultat av denne satsinga, sa Berit. 

– Dette er ei veldig viktig satsing på yrkesfaga, men også for Møre og Romsdal som fylke, fordi det gir statlige fagopplæringsarbeidsplasser, la ho til.

Yrkesfagutdanningen har alltid stått sterkt i Møre og Romsdal, og er viktig både for industrien i fylket, men også etter kvert for offentleg sektor, fordi dei leverer fagarbeidarar til omsorgssektoren, ein sektor som vil vekse framover som følgje av «eldrebølgen», sa dei to stortingskandidatane. 

– Det vil bli kamp om hodene fremover, både i privat- og offentlig sektor, da begge er avhengige av kompetanse, sa Berit.

I motsetning til Høyre og Fremskrittspartiet, som er uttalte motstandarar av fylkeskommunane, så vil Arbeiderpartiet styrke fylkeskommuneøkonomien også framover, var Per Vidar og Berit sitt klare bodskap.

Dei to understreka at dei heilt klart meiner at eit borgarleg fleirtal etter hausten val, mellom anna, vil bety mindre pengar til fylkeskommunane, og dermed større fokus på sentralisering i den vidaregåande skulen, noko som vil gå utover distriktsskulane.

Dei to meinte også at eit borgarleg fleirtal etter valet vil føre til større forskjellar i samfunnet, fordi det da vil bli fokusert på skattelette framfor å finansiere velferdsgode og tenester til alle.

Årets stortingsval er måndag den 8. september, så da får vi sjå etter valet om Arbeiderpartiet får to eller tre representantar til det nye Stortinget, og om Berit blir fast representant eller vara også neste periode.

Powered by Labrador CMS