Familiegudsteneste i Rindal kirke

Inngangsprosesjon
Sokneprest, 4-åringar med kvar si rose leda inngangsprosesjonen framfor dåpsbarnet.

Folkekirka på sitt beste

Det var skikkeleg sus over gudstenesta i Rindal kirke denne søndagen. Vesle Ulrik vart døpt og 10 livlege 4-åringar fekk si eiga kirkebok. Etterpå var det kirkekaffe, saft og småbrød.

Publisert Sist oppdatert
4-Åringane gav rosene sine til Lene som pynta med dei på altaret
Inngangsprosesjonen vart avslutta med at 4-åringane leverte rosene sine til soknepresten som sette dei i vasane på altaret.
Ulrik Bjørnstad vart døpt med mange 4-åringar som vitne
Ulrik Bjørnstad vart døpt, og mange 4-åringar sjekka temperaturen på dåpsvatnet og var vitne til dåpshandlinga.
Elsa Jensvold les preiketeksta frå lesepulten
Trusopplærar Elsa Jensvold les preiketeksta før ho heldt preika i lag med 4-åringane.

Trusopplærar Elsa Jensvold heldt preika over teksta om Jesus som stilte stormen på Genesaretsjøen. Ho fekk god hjelp frå 4-åringane.

Jesus stiller stormen

Matteus 8, 23-27
23 Han gjekk ut i båten, og læresveinane følgde han.
24 Og sjå, det bles opp til storm på sjøen, og bølgjene slo over båten. Men Jesus sov.
25 Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels oss! Vi går under!»
26 Han svara: «Kvifor er de så redde – de lite truande!» Så reiste han seg og truga vindane og sjøen, og det vart blikande stilt.
27 Mennene undra seg og sa: «Kva er dette for ein? Både vind og sjø lyder han!»

Organisten framførte Kari Bremnes si dåpssalme 'Et lite barn som kommer' som postludium
Organist Ronny Kjøsen framførte Kari Bremnes si dåpssalme "Et lite barn som kommer" som postludium.
Ulrik Bjørnstad med sokneprest, foreldre og fadrar ved døpefonten
Ulrik Bjørnstad med sokneprest, foreldre og fadrar.
Kirkekaffe bak i kirka
Etter gudstenesta var det kirkekaffe, saft og småbrød bak i kirka.

.

Powered by Labrador CMS