Søndagstema i Bøfjorden:

Gulltransporten 1940
Eit uvanleg spennande, men lite kjent tema blir henta fram på sjøbruksmuseet søndag: Regjeringa, landets gulltonnasje og glimt av kongelege - i nordmørsk drama!
Da Tyskland inntok Norge i april 1940, måtte kongen, regjeringa og Norges Banks 49 tonn gull bergast unna.
Den dyrebare gullasten vart frakta i lastebilar til Lillehammer, vidare med tog til Åndalsnes og deretter med lastebiler til Molde. Der lykkast det å få noko av gullet over i engelske kryssarar – trass i bombeangrep. Mesta 20 tonn vart så frakta til Gjemnes – noko med dampskipet «Driva» rundt Hustadvika, noko med lastebilar over Fursetfjellet.
Mykje dramatikk på Nordmøre
Kva skjedde ved Ramsvika, Visnes, Gjemnes, Konstadfjorden, på Kvalvåg, Tustna og Frøya? Om dampbåtane «Kvernes» og «Driva» (sett på grunn), om Einar Gerhardsen og Nordahl Grieg i skjul hos nordmørske familiar og om fiskeskøytene som i første omgang tok gullkassane vidare til Frøya, vil søndagens kåsør Terje Holm fortelje.

Utelatt i ny film
– Sjøl i filmen «Gulltransporten» (2022) er denne avgjerande dramatikken merkeleg fråverande, seier Terje. Han har derimot henta fram unike intervju og notat etter folk som stod midt oppe i desse hendingane.
Namn og detaljar
Terje har namn på båtane og skipperane og kan sitere dramatikken ut frå autentisk kjeldemateriale.
Midt i alvoret har han også muntre og pussige glimt av Einar Gerhardsen, Haakon Lie, motstandsmannen og diktaren Nordahl Grieg og andre som bokstaveleg tala stod midt i skotlinja.
Viktig fase i evakueringa
Før kongen, kronprinsen, regjeringa og Norges gullkapital i mai 1940 vart ført frå Tromsø til England med det engelske marineskipet «Enterprise», hadde det altså skjedd stor dramatikk nettopp her på Nordmøre.
Når Terje Holm deler sin inngåande kunnskap om dette nesten glømte krigskapittelet, vil mange få ei spennande stund ved kaffeborda på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag 6. juli.