Pensjonistforbundet Surnadal:
Medlemsmøte med eldre og rus som tema
Eldre og rus var tema på medlemsmøtet i Pensjonistforbundet Surnadal onsdag denne veka.
Livskvalitet har vore stikkordet for innhaldet på medlemsmøta denne hausten. Siste del av dette temaet vart onsdag avslutta med kåseri av Trond Ivar Hansen frå Sarpsborg. Han heldt eit svært interessant og informativt foredrag om «medikamenter, alkohol og bivirkninger».