Fullt hus:

Mange personer som sitter og lager julepynt.
Stor skaparglede – med fargar og papir, saks og lim.

Suksess i Kyrkjestua

Det måtte hentast stolar frå galleriet. Kyrkjestua i Åsskard var «stinn brakke» under juleverkstedet tysdag kveld.

Publisert

Julesnø ute og julepyntstemning inne. Små og store hadde eit par hyggelege og ikkje minst kreative kveldstimar da soknerådet inviterte til årleg «Juleverksted».

- Artig å laga!

Med førti små og store var det livleg og oppfinnsamt attmed borda. Mange små hender - og ikkje så få store heller - forma nissar og englar, kort og stjerner, brikkar, telys-glas og anna julepynt.

- Artig å laga fine ting av berre papir og dorullar, sa Alva. - Og eg måla glas som vart julelykt med telys! føydde Guro til. 

Tre barn som sitter ved et bord, med selvlaget julepynt foran seg på bordet.
Desse viser litt av produksjonen.
Et barn som holder fram ei selvlaget julestjerne i papp.
Her vart det ei fin stjerne.
Et barn som holder opp ei selvlaget julelenke av glanspapir.
Flott å henge på juletreet:
En snømann laget av isoporballer, med valnøttskall til lue.
Ein blidspent fyr – med artig caps!

Høveleg aktivitetsrom

Jane, Kari og Eva i soknerådet og medinstruktør Randi Bøe fryda seg over det gode frammøtet.

- Ulikt dei fleste kyrkjer er Åsskard velsigna med eit høveleg aktivitetsrom, seier pådrivarane.

- Og snart må vi vel bygge-på, spøkte dei etter at ekstra stolar måtte hentast frå koret og galleriet.

Treffstad til samhandling

Tilbakemeldingane frå både foreldre og ungar var veldig positive. - At kyrkja kan vera ein stad å teffast til skapande samhandling, er tydeleg ei positiv form for «folkekyrkje», vart det sagt.

Til fulle vart dette understreka med bordfellesskap og nydeleg kveldsmat som avslutning på ein kveld med minst like stor stemning inne som ute - der snøen no antydar ei fin førejulstid.

Og neste søndag er det julemusikken som samlar folk i Åsskard-kyrkja.

To godt voksne damer som lager mat på et kjøkken.
Kari (nærast() og Jane veit å ordne mat til store folkhus.
Mange personer, voksne og barn, som sitter og spiser kveldsmat sammen.
Og kveldsmaten gjekk unna!
Powered by Labrador CMS