Koret i Stangvik-kyrkja vart «Fødselskyrkja» i Betlehem, og alle gjekk dit gjennom døropninga som var laga i rett størrelse!

Adresse Betlehem

Publisert

Etter eige ønske feira Todalen og Stangvik oppvekstsenter skulegudsteneste måndag. Det vart ein livleg og lærerik time i Stangvik-kyrkja.

Før klokkene ringte, fortalte prest Torbjørn Brøske litt om kyrkjerommet. Det er «skipet» med oss alle ombord, på veg gjennom livet, sa han. Og rommet fremst heiter «koret», fordi det var songarane sin plass i gamle dagar.

Så tok han på seg prestedrakta, også som del av dagens undervisning: - Drakta heiter «alba». Det betyr «kvit» og er same ord som i «albino». Det lange skjerfet over skuldrene heiter «stola».

Elevar deltok i fleire oppgåver – med dyktighet og glede. Somme las, andre tente adventslysa og 8-årige Tilde spela «Glade jul» attåt allsongen.

Fottur som til Trondheim

Sjølvsagt handla mykje om Maria og Josef som gjekk frå heimbyen Nasaret til Betlehem den første jula for over 2000 år sidan. – Det er 14 mil, like langt som frå Stangvika til Trondheim, sa Torbjørn. Litt av ein tur til fots, særleg for Maria, som hadde ein stor baby i magen. - Og med mange bakkar, sa han. - Betlehem ligg like høgt som fjellet Strengen ovanfor Stangvika!

Døra inn i «Fødselskyrkja»

Så fekk ungane høyre om Fødselskyrkja, som er bygd på staden der stallen stod i Betlehem. – Og no skal vi tenkje oss at vi går inn der! foreslo Torbjørn. Han hadde snikra ein port, akkurat like liten som døra inn til Fødselskyrkja. Torbjørn og kyrkjetenar Oddvar Væge heldt dørkarmane medan alle elevar og lærarar bøygde seg gjennom den låge opninga og samlast framme i koret.

Julesong og orgeltonar

Og kva song passa betre å synge her «i Fødselskyrkja» enn «Et barn er født i Betlehem»? Andre songar var «Det lyser i stille grender» og «Deilig er jorden». Til slutt spela organist Bernt Bøe det vakre «Julverset» frå nettopp denne bygda.

Samlinga i Stangvik-kyrkja denne måndagsmorgonen la nok både Jesubarnet, Betlehem og heile julehøgtida tett inntil alle som deltok!

Powered by Labrador CMS