To menn.
Bjarne Røen (t.v.) fekk blomster og ros av Svein Aarnes for stor dugnadsinnsats i både kyrkje og kulturliv.

Vellykka Årnesdag

Publisert Sist oppdatert

Årnesdagen 2023 vart ein vellykka kombinasjon av naturvandring og kulturtreff.

Eit trettital turgåarar fekk først ei fin naturoppleving i terrenget mellom Hamnes og Årnes, der medlemmer av Turgruppa i Gamle Stangvik har gjort eit flott arbeid med merking av løyper.

Primus motor for både vandringa og tradisjonen med Årnesdagar, Svein Aarnes, opna det påfølgjande samveret på Gammelskulen, med orientering om gruppa sitt arbeid og om programmet for dagen. Bygninga er no grendahus.

Det var fullsett under kaffestunda med kulturinnslag den gamle skulestua. Bernt Bøe kåserte om kyrkjene i Surnadal, med bakgrunn i at serien med bøker om kyrkjene i Mo, Ranes, Øye, Todalen, Åsskard og Stangvik no er komplett.

Blant dei som fekk blomster og takk av programleiar Svein Aarnes, var Bjarne Røen. Aarnes framheva det store dugnadsarbeidet Bjarne har gjort i mange år for både kyrkje og kulturliv i Stangvik.

Kjøkengjengen fekk fortent ros for nydeleg servering – snittar, kaker, graut og bakels.

Utlodninga skaffa 13.000 kroner til arbeidet i gruppa. Anne Leira vann hovudgevinsten, eit vakkert naturmåleri av Astrid Megard Sollid.

Mange folk sittende rundt to langbord.
Den gamle skulesalen var fullsett under programmet etter naturvandringa.
Dame held eit maleri av fjell og himmel.
Vinnar av Astrid Megard Sollid sitt måleri var Anne Leira.
Powered by Labrador CMS