Annonse
ANNONSE:
Årnesdagen 2024
Turgruppa i Gamle Stangvik, i samarbeid med Stangvik Historielag, vil laurdag den 7. september arrangere den tradisjonelle «ÅRNESDAGEN».
Vi samlast ved Jørristufjøset - der det er god plass til parkering - og startar på ein liten tur opp til Øver-Trøinn kl 11.00, Om det er nokon som ikkje vil bli med på turen, kan dei ta inn i grendahuset og vente der til «turgjengen» er tilbake (tek sikte på å vera tilbake ca kl 13).
I grendahuset vil det så bli servering av kaffe og kaker, loddsalg og litt underhalding der bl.a. Bernt Bøe vil delta.
Da håper vi på «godt og lagleg ver», og at mange tek turen til Årnes denne dagen – vel møtt!