Utflytta surnadalsjente satsar hardt på maraton
Den utflytta surnadalsjenta Marianne Dønnem har no gjennom fleire år satsa hardt på maratonløping. Dønnem kan vise til fleire framifrå resultat frå langløp.
Marianne har deltatt i maratonløp for sportklubben Vidar i Oslo sidan 2010. Nyleg har ho vore på treningsleir gjennom klubben Vidar i Mar de Pulpi i Spania. Marianne følgjer eit eige treningsopplegg som inneber 1-2 løpeøkter om dagen, kor det inngår 3-4 intervalløkter og 1-2 langturar. Dette blir om lag 100-150 km i veka. Ho trenar også styrke, rørsle og spenst. Dønnem synes det er gøy å lage treningsopplegg sidan ho er utdanna fysioterapeut.
Den finaste opplevinga Marianne har opplevd som maratonløpar var å vinne kvinneklassa i Midnight sun maraton i Tromsø i 2018. Ho fortel engasjert at det var ei fantastisk stemning langs løypa. Storebror Tom Dønnem sykla support ved sida og ringde heim til Surnadal undervegs med jamlege oppdateringar til sine idrettsinteresserte og spente foreldre og ein far som heldt på å tråkke ned golvet der han spent gjekk att og fram. Det høyrer med til historia at far til Marianne, Gert Dønnem, ringde til underskrivne som gammal kjenning og venn av familien gjennom mange år og stolt fortalde om den store prestasjonen til dottera. Marianne fortel at ho synest at det er flott å kunne dele opplevinga med familie og venner i Surnadal og Tromsø. Dønnem meiner Midnight sun maraton er eit svært bra arrangement med deltakarar frå heile verda.
Marianne sitt beste resultat er frå Hamburg Maraton i 2021 kor det blei 3. plass totalt av damene med tida 2.55.17.
Hovudmålsettinga for Marianne i år er deltaking i Berlin maraton i september kor ho og storebror Tom skal springe saman. Marianne seier det slik: «Jeg blir 50 år i år og går opp en årsklasse og vil forsøke så godt jeg kan å sette alletiders rekorder i klassen her i Norge på 5 km, halvmaraton og maraton. Neste år reiser klubben til VM for veteraner og der jaktes det på medalje».
Da gjenstår det berre å ønskje Marianne Dønnem lykke til med å gjennomføre sine framtidsplaner. Lykke til Marianne!