Sommarleir i Taekwon-Do

En ungdomsjente og en mann står foran barn som står ute på rad og rekke med føttene samlet og hendene strak, omtrent 45 grader ut fra kroppen.
Kjell Gunnar Polden saman med Heidi Fiske som er einaste instruktøren frå Surnadal under barneleiren i år.

Meir populært enn nokon gong

Publisert Sist oppdatert

Omkring 150 born med foreldre er denne veka i Surnadal på den årlege barneleiren i Taekwon-Do. Seinare blir det vaksenleir og ungdomsleir i tillegg til årets nykommer - ei langhelg for dei over 60 år. I år er det påmeldingsrekord der vaksenleiren åleine snart bikkar 400 deltakarar frå inn- og utland.

Ti kvinner og menn trener TaekWon-Do.
Grandmaster Per Andresen held trening for foreldre på folkehøgskulen medan barna trenar i idrettshallen.

Ros til alle

Sommarleiren i Taekwon-Do har hatt særs mange besøkjande som har vitja Surnadal sidan 1991. Per Andresen har vore på alle leirane, og er også i år ein sentral person i leiren saman med Gunnar Rugsveen som administrerer og hjelper til mykje særskilt på barneleiren og ungdomsleiren. Kjell Gunnar Polden har tenkt å gi seg etter å ha vore primus motor i alle desse åra, men det er ingenting som tyder på det.

Det er ikkje noko sjølvskryt å høyre frå leirsjefen, men det er ikkje tvil om at han gjer meir enn "å sette fram spaden", som han sjølv spøker med er hans oppgåve som leiar. Då Trollheimsportens journalist kom, var det full fart, og vi gjennomførte intervjuet på biltur tur/retur idrettshallen/folkehøgskulen då Polden framleis ordnar opp i mykje bak kulissene til ei kvar tid.

Leiaren skryter av at dei har ein ekstra dyktig instruktørstab som er vant til å instruere barn og å vere på leir.

Frå kommunen dreg han fram Oddny Hendseth i idrettshallen og Ole Stavås.

– Dei er kommunens ansikt utad til våre gjester. At dei er blide og imøtekomne heile tida, betyr særs mykje for gjestane og det gjer det lettare for oss som driv leiren.

Polden nyttar anledninga til å sende dei begge verbale blomar.

Seinare i sommar blir det arrangert ungdomsleir og vaksenleir. Og nytt for året er at det etter leirane kjem 35 som er over 60 år som ynskjer å kome til Surnadal på Taekwon-Do og andre fine aktivitetar. Dei blir her ei langhelg. Der er det tenkt å ha tursti, treningar, kulturkveld med blant anna torader og munnspel, bakels og graut.

– Det var óg særs populært, og blei fullbooka med ein gong, fortel Polden, og fortset:

– Surnadal er ein bra plass. Dette er god reklame for Surnadal, og vil gjere at bygda får bra omtale.

Særs mange gjestar bygda

Surnadal får mange gjestar gjennom sommarleiren. Barneleiren rommar omkring 150 barn som mange har med seg foreldre og søsken. Dei kring 400 deltakarane på vaksenleiren har óg ofte med familien til Surnadal. Etter ei rask hovudrekning kjem Polden fram til 4000 overnattingsdøgn - lågt kalkulert - for sommarleirane.

Overnatting kan vere ei utfordring når så mange kjem til bygda. Leirsjefen er glad for at mange private har begynt å leie ut. Det er til stor hjelp.

Og angåande mat er det nok til alle, her er det glimrande, meiner han, og ramsar opp mange gode spisestader i bygda.

I tillegg dreg han fram dei trivelege menneska som arbeider på campingplassane, butikkane og bensinstasjonane.

Polden fortel at det er mange som spør kva anna dei kan finne på her når leiren er ferdig, for dei ønskjer å forlengje opphaldet her i Surnadal.

Treng meir plass

Sommarleiren har vorte enormt stor, og Polden merker at idrettshallen er for liten for slike arrangement. I tillegg til folkehøgskulen, brukar dei Surnadal barne- og ungdomsskule, dansesalen til kulturskulen som ligg på Øye, Den glade laks på hotellet, og scena og Svorkasalen på kulturhuset. No leiter dei etter fleire stader for å få nok golvplass.

Ut ifrå dette, har Polden eit stort ønske om ein fleirbrukshall på Øye. Det ville gjort det mykje betre for slike arrangement i framtida.

Inne i en idrettshall som er fyllt med barn som står på rekke og rad med begge føttene på gulvet og høyre hånd frem.
Det var samstemte utøvarar i Surnadal idrettshall onsdag.

Godt ivareteke

Polden og teamet set tryggleiken høgt. Sjølv har han ansvar for barn som blir sjuke i løpet av leiren.

– Alle instruktørar er nødd til å gjennomføre førstehjelp. Det gjorde dei dagen før leiren.

Surnadal har ikkje legar tilgjengelege alle tider, men Polden fortel at Inger Anita Løkås er sjukepleiar og stiller til rådigheit døgnet rundt. Dette er noko dei set særs stor pris på.

Set glede øvst

Under vaksenleiren blir det landslagssamling, der alle på landslaget skal halde treningar i løpet av veka. Blant desse er tidlegare skuleelevar frå Nordmøre Folkehøgskule.

– Det er lett at folk legg mest merke til prestasjonane. Vi har to frå klubben som skal reise til VM, men det er ikkje prestasjonane som er det viktigaste. Vi arbeider med haldningar.

Som Polden forklarte Trollheimsporten under barne- og ungdomsleiren i fjor, så starter måten dei ser på utvikling på med glede på toppen, fulgt av verdiar, personutvikling, sosial kompetanse og prestasjon - kor han presiserte at det ikkje er tilfeldig at prestasjon står nederst.

– Er alt det andre på plass, vil gjerne prestasjonane óg kome på plass.

Powered by Labrador CMS