Fem personer rundt et bord.
Arrangementskomiteen legg siste hand i planlegginga av Bankmila 2024. F.v. Ingrid Honnstad, Espen Kalkvik, Liv Dalsegg, Juras Chachlauskas og Arne Berset.

Bli med på Bankmila 2024!

Laurdag 22. juni inviterer Surnadal IL og samarbeidspartnaren SpareBank 1 Nordmøre til den fjerde utgåva av Bankmila.

Publisert Sist oppdatert

Som tidlegare år er Bankmila delt inn i Minibankmila, som er for barna, trimklasse og tidtakingsklasse. Arrangørane oppfordrar absolutt alle i mils omkrins til å delta på «Stor-roinjt»! Løypa, som har start på Skei og går via Røtet og opp att til målgang på Skei, er rundt 10 kilometer. 

– Dette er eit heilt gratis lågterskelarrangement og passar for absutt alle, understrekar arrangørane. 

– Løypa er rask og lett å springe, legg Arne Berset til.

Minibankmila er altså for barna og den går rundt Bårdshaugen. Det blir tidtaking og startnummer, og alle får medalje. 

Trimklassen startar ein halvtime seinare. Arrangørane oppfordrar absolutt alle til å «hive seg med», og her er det ikkje tidtaking. 

– Her kan ein både gå og springe!, fortel arrangørane. Alle som er med i trimklassen er med i trekninga av fine premiar frå lokalt næringsliv.

Tidtakarklassen startar til slutt. Her er det premie til dei tre beste i kvar klasse.

Arrangørane er glade for at Bankmila igjen kan arrangerast på laurdag. 

– Eg kan omtrent garantere finvêr denne dagen, seier Berset med eit lurt smil.

Arrangørane har ein klar ambisjon om å nå eit tresifra deltakartal i år, så da må oppfordringa bli å sette av laurdag den 22. og bli med på Bankmila!

Det blir sal av kaffe og kaker, der inntekta går til J/G 9 sine fotballag.

Reportasje frå fjorårets Bankmil på Trollheimsporten

ANNONSE:

Bankmila laurdag 22. juni 2024

Minibankmila start kl 11
Påmelding ved oppmøte, men det blir oppfordra om å møte i god tid, slik at ein har tid til registrering og utdeling av startnummer.

Trimklassen start kl 11.30 
Påmelding ved start, men arrangørane oppfordrar til å møte opp i god tid før start for registrering.

Tidtakarklassen start kl 12 
Påmelding via Bankmila 2024 si Facebookside.  Hugs å velje rett aldersklasse ved påmelding! 

Powered by Labrador CMS