Kulturskulerock

DeSign er rutinerte og framfører låtane med stor tryggleik.

Rå sleppkonsert i Trudvang

-rykande ferske rockelåter frå unge talent

Publisert Sist oppdatert

Onsdag slepte Surnadal og Rindal kulturskule  EPen  Sanger fra rockerommet med seks eigenkomponerte låter. Kulturskulebanda har saman med Rune Dalager skrive låter og i februar spelte dei inn songane sine hos Dreamfarm. Torsdag kveld var det duka for sleppkonsert i Trudvang i samarbeid med SKUV.

Banda Expression, Silent, High Note, DeSign og Echo er representert på plata, og i Trudvang fekk vi i tillegg høyre skulen sitt ferskaste band, Bright Fire. 

Bright fire opna showet med to sekstitalsklassikarar, og særleg  Crying in the rain  vart nydelg og stemningsfull. 

Martin bak trommene i Bright Fire

High Note var neste band ut. I tillegg til eigenkomponert låt spelte dei tre cover-låter. Bandet såg ut til å kose seg på scena i Trudvang.  Jeg glemmer deg aldri vart framført med følelse og trefte rett i sjela. På  Always remember us this way  (Lady Gaga) syng Sunniva med ein nerve i stemmen og slik innleving at det er vanskeleg å tru at ho berre er tretten år. 

Ghost in my memory er High Note sitt bidrag på EPen, det jentedominerte bandet med tekstforfattar Sunniva Fiske i spissen på vokal har komponert ei rå låt med ein herleg sound i surfrock-stil. Med seg har jentene Henrik på trommer og Rune på bass .

Silent opna litt forsiktig, men fann skikkeleg tryggleiken på andre låta med This one's on me. Hedda fekk demonstrert ei vaksa røyst og Fredrik tok fram kassegitaren. Stemninga var til å ta og føle på, gåshudfatoren stor, og publikum klappa med. Etter den vakre sjølvlaga rockeballaden  The Lesson, fekk vi Boulevard of broken dreams  med skikkeleg trøkk, og alle musikarane fekk vist kva dei er gode for.

John Stinus, Eiri og Per Emil i Silent var ikkje mykje stille på scena.

Echo stilte utan vokalist og låtskrivar Ida Mo, som dessverre hadde halsbetennelse, og spelte derfor berre ei låt, men vi fekk gleda av å høyre låta Kainn E Du? på rein surnadalsdialekt i Johanne sin versjon. Litt annleis enn på plata, men vakkert. 

Det var romsleg på scena når Ida, som vanlegvis har stor rockestjernefaktor, var sjuk, men med Johanne sin varkre stemme vart opptredenen veldig bra lell, .

Kulturskuleveteranane DeSign stilte og med eigenkomponert låt frå plata, som tekstforfattar Ellen kalla ei låt om naiv kjærleik,  Andrevalget. Elles utfordrar dei seg sjølve, og vel vanskelege låter som dei meistrar med glans.  Nothing compares to you,  klokkeklart, nedpå og intenst på ein gong.  Loose control  vart heller ein demonstrasjon av kontroll, og  House of the rising sun  var sunge med genuin innleving i kjent Ellen-stil. Bandet framsto som trygge og samspelte, og har ein ein spesiell formidlingsevne. Dei får det til å verke leikande lett. 

Andrevalget har vokalist i DeSign, Ellen Svendsen Fiske, sjølv skrive teksta til og, komponert melodien til saman med bandkompisane Nicholas, Ida, Ingebrigt og Sigve.

Siste band ut denne kvelden hadde faktisk laga alle fire låtene sine sjølve. To av dei kan høyrast på plata. Maja Løvik, som skriv tekstane, er trygg og leiker seg med stemmen sin i dei soulprega rockelåtene. Det er kvalitet det desse ungdommane fer med. I just want you,  opningssporet på plata og  den spilder nye, litt seige blueslåta Out of town, imponerer stort. Eg vil høyre meir!

Expression stilte med fire eigne låter skrive og sunge av Maja Løvik.

I Trudvang var det lunt og nært, og god stemning. Eit veleigna lokale til førmålet. Dette vart eit flott arrangement av kulturskulen og SKUV, all ære for det, og for alt det gode arbeidet lagt ned i låtproduksjon og øving!

Publikum fekk ei fantastisk musikkoppleving ein torsdagskveld i Trudvang.
Ellen held ikkje att. Maks innleving.
Ingebrigt bak trommene såg ut til å kose seg.
Thor Alfred i Echo
Multitalentet Sigve speler trommer i Echo, men det var ikkje nok. Han spelar bassgitar i både DeSign og Expression.
Hedda i Silent.
Henrik bak trommene i High Note
Simone på gitar i High Note
Rune stepper inn i fleire band.
Ildri i Bright Fire.
Frank og Gard held styr på lyden,
Nina speler piano i High Note, men er bassist i Bright Fire og Silent.

Songane på EPen kan du høyre der du strimar musikk. Anbefalast!

Powered by Labrador CMS