ANNONSE:

Filmplakat 'Unforgiven'

Surnadal kino: Clint Eastwood både her og der

Denne gongen også på Jylland! Men først til ein plass der det er overmåte tjukt strødd.

For filmeposet DUNE 2 held fram på sandplaneten Arrakis. Filmane er basert på den klassiske science-fiction-romanen til Frank Herbert og regissør Denis Villeneuve var rette mann til å gå laus på oppgåva. DUNE 2 er ei visuell oppleving av dei sjeldne, som einaren også var. DUNE 2 (12-års-grense) går både tysdag 5. (kl. 18) og onsdag 6. mars (kl. 19.30).

Filmbilde Dune 2. Mange mennesker med klør som skjermer for ørkensand.
Dune

Seniorfilmklubben viser NÅDELØSE MENN (UNFORGIVEN) onsdag 6. mars kl. 12. Filmen er Clint Eastwoods store triumf, med Oscar-pris både for beste film, hovudrolle og regissør. Er NÅDELØSE MENN Clint oppgjer med seg sjølv og sine tidlegare westernfilmar, der konfliktar og valdsbruk vart skildra reint så teikneserieaktig? Er det difor originaltittelen er UNFORGIVEN, noko ein ikkje kan tilgi? I NÅDELØSE MENN får du også gjensyn med tidlegare filmstjerner som Gene Hackman (som vann Oscar for beste birolle), Richard Harris og Morgan Freeman.

«Clint Eastwood i Danmark», var overskrifta på VGs kritikk av BASTARDEN, som startar opp på kino torsdag 7. mars (kl. 19.30). Og grunnen til koplinga til Clint er at filmen verkar å vere ein dansk western, lagt til 1700-talet på Jylland. Mats Mikkelsen spelar hardhausen, med bakgrunn frå hæren, som vil dyrke opp den karrige jorda på Jylland. Men han får motstand frå ein adeleg dommar som ser på området som sitt eige. Filmen (15 år) har stort sett fått fem på terningen.

En mann og ei lita jente som rir på en hest.
Bastarden



Powered by Labrador CMS