ANNONSE:

Seniorfilmklubben med "ny" klassikar

Det «spruter av musikalsk energi og fortellerglede» (NRK) i Steven Spielbergs nye versjon av «West Side Story», som Seniorfilmklubben viser onsdag 11. januar kl. 12.

Det er kanskje ikkje Steven Spielberg ein tenkjer først på, om ein ville ha filmatisert ein musikal. Men han hadde tydeleg nok ei sterk oppleving av originalen frå 1961, for oppdateringa er respektfull, med same musikk (Leonard Bernstein) og tekst (Steven Sondheim) som før.

Likevel; denne ferske filmen, med premiere jula 2021, er «en frisk og vital nyinnspilling som begeistrer» (NRK) og filmen vart nominert til heile sju oscars. Det er eit kvalitetsstempel – og filmen er vel verdt å få med seg for dei som vil ha ei heftig, fargesprakande oppleving i kulturhuset onsdag 11. januar.

Seniorfilmklubben har desse filmane på plakaten før påske: "1917", "Parasitt", "Den fabelaktige Amelie fra Montmartre", "Diktatoren" (Chaplin), "Et glass til" og "Picnic med døden".

SURNADAL KINO viser "Folk og røvere i Kardemomme by", "Kampen om Narvik" (også på dagtid tysdag 10. januar kl.13), "Avatar: The Way of Water", "Whitney Houston: I Wanna Dance with Somebody" og skrekkfilmen "M3GAN" i den komande veka.

Powered by Labrador CMS