Reint badevatn i Rindal

Fire hodet som stikker opp av vannet.
Bading på Grønlivatnet

Grønlivatnet er "friskmeldt"

Badevasskvaliteten i Rindal er tilbake til det normale. For nokre dagar sidan vart det advart mot bading i Grønlivatntet, etter at ein prøve viste at det var for høge verdiar av tarmbakterier i vatnet. Forklaringa var nok at prøven var teke kort tid etter at det var styrtregn. Vassprøven som vart teke måndag 17. juli i ytterenden i Grønlivatnet viser at vatnet er reint no, melder Oddrun Persdotter Fiske, avdelingsingeniør i Miljøretta helsevern, til Trollheimsporten onsdag ettermiddag.

Vi får håpa på betre ver, så er det berre å bada.

Powered by Labrador CMS