Vellykka jaktdag

Go' elg

Røyklukt under søndagsturen leda oss til jaktlaget som nettopp hadde felt ein 6-spiring!

Publisert Sist oppdatert

Røyklukt, - og nysgjerrigheit, gjorde at vi gjekk eit stykke lenger innover Langmyrhaugen på søndagsturen vår. Der fann vi jaktlaget Fosseide/Landsem som nettopp hadde felt ein fin elgokse.

Astrid (t.v.) sat på post i lag med far, Edvin Landsem, da elgen kom. Her er ho i lag med søskenbarnet Alma og elgen!

- I år har vi streva litt med å klare kvoten. Det har vore feil dyr som har dukka opp, fortel Rune Fosseide, - men no er kvoten full.

Forresten så trudde dei at den var 4-spirs dei hadde skote, men så viste det seg at to av spira var knekt - sikkert i kamp. Tilfeldigvis så hadde dei tidlegare samme dag funne eit avbrote spir på marka ved Voll på Landsem, og det hadde dei med seg.

Tore Landsem prøvde om dette spiret passa i "såret" på krona til den nyskotne elgen. Med god erfaring frå puslespel såg han fort at det hørte til på denne elgen. Dermed var det klart at dette var ein fin 6-spiring!

Slaktevekta på denne elgen var 175 kg.

Med lang puslespellerfaring konstaterte Tore Landsem at hornet passa.
Powered by Labrador CMS