Varslar ruteendringar frå 1. mai
To minutt brukt på planlegging kan spare deg for mange i venting, skriver FRAM i en pressemelding.
Mai er månaden for endring. Ei rekke ruter får justering i tidene sine. FRAM oppmodar derfor alle passasjerar på buss, ferje og hurtigbåt til å sette av to minutt til å gå inn på reiseplanleggaren og sjekke om det har kome endringar på si reise.
To minutt brukt på planlegging kan spare deg mange minutt spart i frustrasjon over ein tapt avgang. Vi ber deg sjekke avgangane du reiser med for å finne ut om det blir endringar for deg.
Avdelingssjef i FRAM, Stig Helle-Tautra seier: «Frå 1. mai kjem det endringar i rutetilboda våre. Alle som reiser bør gjere seg sjølv ei teneste ved å gå inn på reiseplanleggaren og sjekke opp. Ikkje ta for gitt at det er same tid som det alltid har vore».
Det kjem endringar over heile fylket.
Bruk reiseplanleggaren i FRAM-appen og på nettsida for oppdatert ruteinformasjon.