To innpakkede matvarer med hvite etiketter og strekkoder side ved side.
Dette er dei to ostane som blir tilbakekalla. Det gjeld alle produksjonadatoar i 2026.

Tilbakekallar kvite ostar frå Brubakken Gårdsmeieri

Kvite ostar frå Brubakken Gårdsmeieri vert kalla tilbake grunna funn av Listeria monocytogenes. Det skriv Mattilsynet på nettsidene sine tysdag 8. september.

Publisert Sist oppdatert

Brubakken Gårdsmeieri kaller tilbake alle kvite ostar produsert i 2026 på grunn av påvist Listeria monocytogenes. Ostane er merka med produksjonsdato og er selt i fleire butikkar, på matfestivalar og Bondens marked.

Osten Heidrun er produsert av upasteurisert geitmelk, og Gullros (Gulldokk) av upasteurisert kumelk.

Butikkar som har selt ostane: Bunnpris Tyholt, Bunnpris Aspøya, Bunnpris Batnfjord, Bybeta Kristiansund, Hammerstuene Surnadal og Små poter i Sykkylven. Andre stader: Reko-ringar, Bondens marked, matfestivalen i Ålesund og Hjørundfjord mat- og kulturdag i Ørsta.

Butikkane har fjerna ostane frå hyllene.

Listeria monocytogenes kan føra til listeriose, som er ein sjelden, men alvorleg sjukdom som i hovudsak kan ramme gravide, personar med nedsett immunforsvar og eldre med svekka allmenntilstand.

Forbrukarar blir bedt om å kaste ostane.

Powered by Labrador CMS