FRAM informerer:

En buss i Kristiansund
Arkivfoto

Nye billettprisar frå 1. januar 2024

Det kjem ei prisendring for FRAM 1. januar 2024. Prisane blir endra som resultat av auka priser på tenester elles i samfunnet. Alle inntekter frå billettar går til å oppretthalde kollektivtilbodet.

Frå 1. januar blir det auka prisar for dei fleste billettypar, og auken utgjer i gjennomsnitt 4,3 %. Dette motsvarar indeks for kommunal deflator som settast i statsbudsjettet. Billettinntektene går i sin heilheit tilbake til kollektivtilbodet i Møre og Romsdal.

- Billettinntektene er viktige for at vi framleis skal ha et attraktivt kollektivtilbod. Også kollektivtrafikken har fått auka kostnadar slik som mange andre tenester i samfunnet, seier leiar i FRAM marknad, Toril Karlsnes.

Uendra pris for ungdom

Prisen på FRAM Ung blir uendra med 450 kr for 30-dagarsbillett. Denne billetten gjeld for buss og hurtigbåt i heile fylket. Det kan vere verdt å merke seg at andre billettypar kan vere billegare dersom ein ikkje har behov for å reise i større delar av fylket.

FRAM honnør blir nytt produkt

Frå 1. januar introduserast billetten FRAM Honnør. Denne vil koste 570 kr for 30 dagar.

- Å tilby eit slikt produkt til denne aldersgruppa vil kunne auke attraktiviteten med å ta buss, seier Karlsnes.

- Ny funksjonalitet i nettbutikk gjer det også mogleg for andre, for eksempel eit familiemedlem, å kjøpe dette produktet «på vegne av», slik at terskelen blir låg.

Prisar buss 2024:



Prisar buss hurtigbåt 2024:

For reisande som brukar både buss og hurtigbåt, vil det i mange tilfelle vil lønne seg å kjøpe FRAM Vaksen eller FRAM Ung.

Powered by Labrador CMS