
TV-aksjonen: Godt innsamlingsresultat både i Surnadal og i Rindal
Det har vore stor aktivitet med innsamling for TV-aksjonen både i Surnadal og i Rindal i år. Ny innføring av bøssebærarar i Surnadal ga gode resultat, og begge kommunane kjem godt ut på landsstatistikken.
Etter fleire år med berre digital innsamling og med til dels dårlege innsamlingsresultat i Surnadal, bestemte styret i Surnadal frivilligsentral og dagleg leiar for sentralen seg, saman med fleire frivillige organisasjonar for at det skulle vere fysiske innsamling med bøsseberarar under årets TV-aksjon i Surnadal kommune.
Godt mottekne
Inntekta frå årets TV-aksjon går til Atlas alliansen, som er ein paraplyorganisasjon som består av åtte organisasjonar for og av funksjonshemma.
Årets TV-aksjon har fått namnet «Sammen åpner vi dører» og skal bidra til at funksjonshemma i land med krig og fattigdom, får eit verdig liv. Inntektene frå årets TV-aksjon vil hjelpe rundt to hundre tusen funksjonshemma rundt om i verda til å få eit verdig liv.
Etter ein litt treg start med å få tak i bøsseberarar, vart det etter kvart bøsseberarar på alle rutene, og bøsseberarane vart godt mottekne på si ferd rundt om i kommunen.

Godt over landsgjennomsnittet
I skrivande stund har det kome inn 304 393,00 kroner til TV-aksjonen i Surnadal kommune. Dette utgjer 51,13 kroner pr. innbyggar, og kommunen ligg med det godt over landsgjennomsnittet, så det er tydeleg at fysiske bøsseberarar gjev eit mykje betre innsamlingsresultat. Resultat for Surnadal finn du på denne nettsida, der vi ser at skulane óg har vore med og samla inn pengar.
Les meir om TV-aksjonen i Surnadal på todalen.no
Alltid gode resultat i Rindal
Rindal har alltid hatt eit opplegg med fysiske bøsseberarar, og ligg tradisjonelt høgt på listene over dei kommunane som gir mest til TV-aksjonen, både i landssamanheng og i fylket. I skrivande stund har det kome inn 148 575 kroner til årets TV-aksjonen i Rindal. Det utgjer 75,88 kroner pr. innbyggar. Det er 68. plass blant kommunane i landet, og 9. plass i Trøndelag. Rindal skole samla inn 21 765 kroner til TV-aksjonen. Resultatet for Rindal kan du sjå på denne nettsida.
Det er enno mogleg å gi til TV-aksjonen, informasjon om det finn du på denne nettsida.