Midtnorsk meisterskap i taekwon-do

Bildetekst: Vener frå sommarleir treffest på meisterskap.

Gulldag for taekwon do-klubben

Publisert Sist oppdatert

Søndag deltok Surnadal NTN Taekwon-Do Klubb i Midtnorsk meisterskap i Rosenborghallen, og jammen vart det ein gulldag. Det var god stemning, godt samhold, gamle vener og nye vener, nye utfordringar og mykje meistring. Det var oppbakking og heiing, blide fjes og mykje smil, ja, eit jamt søg av trivsel. Kaka i hallen var nydeleg, og fellesmåltidet etterpå fortreffeleg. Og jammen vart det ikkje ein liten haug med medaljar og. Det går an å komme ut av teljinga på medaljar, ikkje berre fordi det vart mange, men fordi dei ikkje er viktigast. Taekwon-do handlar nemleg ikkje om å vere best.

God stemning i hallen.

Surnadal Taekwon-do Klubb har medlemmar i alle aldrar, og har både lokale heltar, rindalingar, NoFo-elevar og ei eiga avdeling på Ålvundeid. Til meisterskapet reiste ca. 40 stk, medrekna coachar, dommarar, heiagjeng og deltakarar. Av dei 21 som deltok frå klubben, var elleve med på konkurranse for første gong. Det var litt ekstra stas at somme av dei vart med medaljar og.

Joel gjorde det ikkje lett for konkurrentane.
Natalie med gult belte konkurrerte mot utøvarar som var gradert til raudt belte, og gjorde det likevel veldig godt i sparring.
Stødige coachar hjelper førstegongskonkurrentane å halde styr på kva dei skal.

Taekwon-do klubben i Surnadal er kvart år vertskap for dei største sommarleirane i sporten. Her møtest unge og vaksne og trenar i lag med utøvarar frå andre klubbar. Alle som har vore med på dette gler seg kvart år. Det blir knytt vennskap, og det skapar samhald og tryggleik i taekwon-domiljøet. Det er alltid stas å treffe att gamle kjente.

Heidi møtte ei god venninne frå Gauldal.
Utflytta surnadaling Heidi Hegvik Lysø og dottera er aktive i Værnes Taekwon-Do Klubb.

I Taekwon-Do er det ikkje alle som driv og konkurrerer, det er opp til den enkelte. Om du ikkje konkurrerer kan du likevel arbeide målretta for å utvikle deg, og vere med på graderingar fleire gongar i året. Kva grad du har oppnådd er markert med beltefarge. Surnadal hadde representantar i alle fargene på dette meisterskapet. Det vart konkurrert i mønster, sparring og spesialteknikk.

Heidi med svart belte tok med seg gull i mønster heim.
Klubboppgjør i semifinalen mellom Daniela og Karin.

Sjølv om det i denne klubben ikkje er lagt vekt på å vere best, eller blir snakka om vinnarskallar, så har dei utøvarar i verdstoppen, m.a. Aurora Dønheim som var sjuk i dag. Kan det inkluderande miljøet og takhøgda vere nøkkelen?

Sjefen sjølv gratulerer alle med strålande innsats, og seier at sjølv om det kanskje er litt kjekkare å vinne enn å tape, så er alle gode nok.

Deltakarar frå Surnadal Takwon-Do Klubb:

Simone Akrim

Ulrik Akrim

Victoria Bell

Daniela Bjerklund

Pia Kanutte Liseth Ekeberg

Heidi Fiske

Thomas Flaata

Fredrik Garthe

Elin Ørborg Hafsås

Vanja Halle

Karin Johnsgård

Mina Johnson

Benjamin Karlsen

Solveig Knarvik

Silje Mari Møllenes

Nathalie Nordlund

Daniel Mørck Paradina

Ingrid Sandvik

Emma-Cathrin Stokkenes-Holmbukt

Joel Sveberg

Martin Ulvund

Dommar og coachar: Kjell Gunnar Polden, Mari Fiske, Jorun Fiske, Råg Dyrnes Schei, Anders Bolme og Anders Bråten.

Her kan du sjå fleire bileter frå helga:

Powered by Labrador CMS