Desse har fått tildelt veterinærvakter i Rindal, Surnadal og delar av Heim

Publisert Sist oppdatert

Trollheimsporten er kjent med at Surnadal kommune no har tildelt veterinærvaktene i Surnadal, Rindal og delar av Heim kommune. Jordbrukssjef Mona Rosvold i Surnadal kommune bekreftar dette.

Veterinærane som har søkt på vaktene har fått tilsendt brev, datert 26. november, med oversikt over tildelinga og grunngjeving. Søkarane har frist til torsdag 3. desember med å svare på om dei tek i mot den tildelte vakta.

Desse får tildelt vakt:

1. Rindal kommune og Øvre Surnadal
• Anders Sæther Moen
• Bente Rikstad
• Ildri Bolme

2. Surnadal kommune (unntatt Øvre Surnadal) og deler av Heim kommune (tidlegere Halsa unntatt Engdal og Rodal)
• lNVet AS v/Karoline Mosand Reitan
• INVet AS v/Tone Merete Hoås
• Stevan Petrovic
• UVB AS v/Vigdis Sæther Moen Burger

For vaktområdet Surnadal (mesteparten) og deler av Heim (tidligare Halsa unntatt Engdal og Rodal) har kommunane vurdert at det er behov for 4-delt vakt. Den Norske Veterinærforening tilrår minimum 4-delt vaktordning for å sikre eit forutsigbart og robust tilbod til dyreeigarane.

Tidens krav var først ute med å omtale saken.

Powered by Labrador CMS