Rindal Seniordans 20 år
20 år er ingen alder
Torsdag denne veka var rundt 100 seniordansarar samla i Torshall for å feire at det er 20 år sidan Rindal Seniordans starta opp. Gjestane var seniordansarar frå alle nabobygdene i Trøndelag og meir til.
Etter at Gudrun Moen hadde vore på eit dansekurs i Trondheim, fekk ho med seg fleire spreke pensjonistar og Rindal Seniordans var i gang.
Av dei som er med i dag, er det berre Rønnaug Brønstad som har vore med heilt frå starten.
Medlemstalet er for tida 13 damer, men i toppåret 2013 var dei over 20. Dei øver kvar veke mesta heile året og har god plass til fleire dansarar, og gjerne menn!
Dei første åra var dei knyta til Seniordans i Møre og Romsdal, seinare vart det Trøndelag.
Drivkrafta dei siste 15 åra har vore Lisbet Stenbro, som fekk blomster for innsatsen sin under kaffepausen. Instruktørar i dag er parvis Lisbet Stenbro og Ingeborg Landsem, Kristine Ree og Anne-Lise Forsberg.
Jubileumssamlinga åpna med at dansesøskena Ingeborg Landsem og Rønnag Brønstad framførte ein humørfylt sketsj som kunne vere frå tida straks før Rindal seniordans vart starta.
Rindal seniordans presenterte så sine to dansar, først aleine, så med alle laga på golvet. Vidare følgde laga frå Meldal, Heim, Snillfjord, Skaun, Orkdal og Rennebu opp på same vis.
Det var innlagt middagspause på Bolme Pensjonat med kaffe og smakfullt kakebord etterpå. Under kaffen gav Ingeborg Landsem eit historis oversyn, og eine laget etter det andre kom med helsing og gave til jubilanten.
.
Det vart også opplese gratulasjonshelsing frå kulturkonsulent Morten Møller der han mellom anna la vekt på folkehelseaspektet ved seniordansen. Mange av gavane må nok porsjonerast ut med måte for å oppfylle dette, men dei har jo kaffepause på alle øvingane.
.
.
.
Vi avsluttar med eit bilde av den trivelege velkomsten jubilanten gav gjestene,
Trollheimsporten gratulerer!
(Klikkar du øverst i høgre hjørne på bildet på PC, så kan du sjå mange av dei i større utgave!)