Snøleik i mars-ver
Søndagens skileik i Rindal var fløtta frå Tørsåsløa til Igltjønna Skistadion. Det var nok lunare verforhold der, og oppmøtet var upåklageleg.
Med temperatur så vidt over null og enkelte snøbyger, var det mange både barn og vaksne som oppheldt seg i bakken ved Igltjønna Skistadion denne søndagen.
- Da vi rydda parkeringsplassen lagra vi snøen slik at vi kunne bruke den viss det vart behov for den, fortel Pål Sande. - I går vart denne snøen bruka til å lage hoppbakkar, orgeltramp-løype og kuler og staup.
Dermed var alt klart for variert aktivitet og praktisering av ulike teknikkar på alle nivå for store og små.
Video: Pål Sande, Rindal IL Ski.
Dette var det 6. av totalt 7 arrangement i Rindal Sparebank Ski cup denne vinteren.
Medaljeutdeling og kåring av vinnar i klassekampen blir på Rindalsmesterskapet torsdag 25. mars.
Sjå bildeserie nedafor med å bla med dei svake pilane i dei øvste hjørna!