Sildballfestivalen 2024

rundball og sildball
Det går i ball

Det går i ball i Rindal

Det gjekk i ball både ute og inne i Rindal denne laurdagen. Gardbrukarane pakka rundball og i Rindalshuset serverte Rindal IL sildball, for dette var årets Sildballfestival, den 15. i rekka.

Publisert Sist oppdatert
Oddbjørn Heggem
Mannen bak sildballfestivalen, Oddbjørn Heggem

Etter idé frå Oddbjørn Heggem har Rindal IL no arrangert Sildballfestival i 15 år med variert innhald, men eit skikkeleg måltid med sildball og tilbehør har alltid vore hovudsaka.

I år var programmet begrensa til sildballmåltid, i den grad vi kan snakke om begrensning når det gjeld sildball. 10-15 hundre sildballar vart trilla ut.

Besøket var bra, og første timen gjekk det ut rundt hundre porsjonar. Seinare dabba salget litt  av. Ein aktiv dugnadsgjeng sørga for at køen ved matbordet var minimal.

Frå serveringsbordet
Med mat i begge hendene var det berre å finne seg bordplass
Sildballfestival er, som alle festivalar, ei sosial samling. Her har vi ei samling rundt same bord frå Rindal og Surnadal, og fleire med røter i Halsa.
Desse fire mette og fornøgde damene kom frå Meldal og Løkken

Rundt borda sat det etter kvart sildballelskarar både frå Rindal og nabobygdene.

Rindalingar rund spisebordet
Desse rindalingane var gode og mette etter eit solig sildballmåltid

 Praten gjekk livleg, og alle ser nok fram til neste sildballfestival, ikkje minst for å nyte eit godt måltid i fellesskap med andre enn dei som eit et med til kvardags.

God sildball
Dette var niande ballen til ungdommen i bordfellesskapet vårt, men rekorden hans er visst tolv.
oversynsbildet ove salen med folk rundt borda
Svolten gav seg
Frå kjøkkenet på helsetunet
Inger Johanne og Bente på kjøkkenet fredag kveld. Dei bearbeidde alle råvarene til lørdagens baillkoking.
Mange kvite rundballar på Kjerklandet
Tru om det vart sildball på dei som rullar rundball -

.

Powered by Labrador CMS