Rindal IL og Surnadal IL Handball

Rindal D3

D3-kamp i Melhus og treningskamp i Surnadal

Onsdag ettermiddag spelte Rindal D3 bortekamp mot Melhus, og Surnadal D5 hadde invitert Sunndal på treningskamp i Surnadal idrettshall.

Publisert Sist oppdatert

D3 Melhus - Rindal (16 -9) 35 - 22

Maren Halgunset, Berit Hauge Aakvik, Tonje Bjørnås (1), Gro Anita Bolme (7), Anja Søyseth (5), Maren Mikkelsen Karlsen, Jorunn Kristine Torjul, Guro Søyseth, Nora Bolme Fjerstad, Ane Vasskog (4), Hanna Sjøland Saksen (3), Frida Møkkelgård, Anna Vattøy Solli (1), Line Mogstad (1)

facebooksida til Rindal IL håndball står det ein kommentar frå kaptein på D3, Maren Halgunset.

Ho skriv at dei rett og slett møtte eit betre lag i går kveld. Ho skriv vidare at Melhus var god til å presse Rindal i skuddøyeblikket, noko som førte til at det vart ein del skudd over mål.

Halgunset avsluttar med at det var ein tøff kamp, men at dei tar med seg mykje lærdom frå kampen.

Treningskamp D5 Surnadal - Sunndal (9-6) 21 - 13

Trollheimsporten har fått denne kommentaren frå Oddrun Husby:

"D5 samarbeider i år med J16, og vi var til saman 16 spelarar som stilte på treningskamp mot Sunndal. Av dei var det 5 stk frå J16.

Vi hadde fokus på at alle skulle få spele for at alle skulle få kjenne på kampfølelsen og for at vi skulle få trene på samspill.

Surnadal D5

Til pause leda vi 9-6 og kampen endte 21-13.

Det var 11 av 15 utespelarar som tegna seg på scoringslista, noko som vi er veldig godt fornøyd med. Det var ein lagseier.

Vi ser at vi enda har mykje å gå på når det kjem til samspill og klare avtalar både i angrep og forsvar, så det er noko vi må arbeide med framover.

D5 har ikkje har ei trenar i år, men vi har eit team som samarbeider om å sette opp lag til kamp og til å styre treningane. Det er Kristin Hilstad Garte: Lagledar. Oda Selvåg: Assisterande lagledar. Oddrun Husby: Kaptein."


Powered by Labrador CMS