Kårvatn Skiom

Aron Rodal Haugen på toppen i individuell konkurranse.

- Imponerande

Trollheimen Fjellsportsklubb gjennomførte, i samarbeid Todalen IL, NM i Randonee, Kårvatn Skiom med glans laurdag og søndag. Fleire lokale utøvarar viste musklar i konkurransen, der åtte nasjonar var representert.

Publisert Sist oppdatert

-Ein kan vel oppsummere med at basert på gjennomføring, deltaking og breidde i deltakarar, var det ein av tidenes randoonkoneekurranser på norsk jord, seier Gudmund Kårvatn. Det å få såpass med lovord frå nokon av verdas fremste utøvarar, samt Skiforbundet, er ei stor stjerne. Veldig synd at ikkje fleire kom og såg på!

Her går startskuddet for Individuell konkurranse på Lørdag.

Her stilte alt ifrå dei ypperste verdensstjerner som, Kilian Jornet Burgada og kona Emelie Forsberg, til dei som prøver sporten ein av dei første gongene. Utøvarar frå til saman 8 nasjonalitetar deltok.

Erik Kårvatn, opp Dalalia på vertikal konkurranse.
Erik Kårvatn på toppen på tur ned igjen på Individuell konkurranse.

Imponerande innsats

Blant desse skjemte ikkje dei lokale utøvarane laget på noko vis. Trollheimen fjellsportklubb markerte seg med mildt sagt gode plasseringar på resultatlista.

Laurdag gikk øvelsen Individuell av stabelen. Her går ein opp med innlagte tekniske parti, for eksempel med ha ski på sekken og gå på fotane opp, for så gjerne å fortsette på ski viare oppover, ta av fellene og renne ned. Totalt fem oppstigningar og fem nedkjøringar utgjorde til saman 1500 høgdemeter.

Kårvatn er imponert over dei lokale utøvarane, men og av vinnaren Kilian Jornet Burgada.

-Burgada gjorde unna dette på 1t og 18minutter!

I klassane U18 og yngre gjekk dei ein kortare trase på 900hm.

Erik Kårvatn, Aron Rodal Haugen, Isak Drøpping stod for beundringsverdige lokale prestasjonar.

Isak Drøpping
Halvor Drøpping - ein skikkelig barsking

Aron Rodal Haugen gjekk til tops i klassen Menn U 16 med 27.24.0, medan Isak Drøpping kapra tredjeplassen, 1.31.2 etter vinnaren.

Søndag var oppgåva å gå fortast muleg opp, då øvelsen Vertikal sto på programmet. På grunn av krevjande ver, vart løypa redusert frå 700 til 550 høgdemeter for dei 47 deltakarane.

Erik Kårvatn vart tredje beste nordmann, sterkt for ein løpar i U20-klassen. Sterke prestasjonar også av Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping, som kom på 1. og 3. plass i klassen U16!

Her kom Aron på niende beste tid totalt, og Isak på 19. beste av alle startande.

-Utruleg bra! sier Gudmund Kårvatn.

Resultatlister fra henholdsvis Individuell og Vertikal øvelsar:

Kårvatn Skimo 2023 (eqtiming.com)

Kårvatn Skimo 2023 (eqtiming.com)

Lokale heltar. Aron Rodal Haugen på toppen av pallen, og Isak Drøpping på tredjeplass
Erik Kårvatn, 1.plass U18

OL-grein

Randonee kjem inn på OL programmet frå 2026, noko som fører til stort fokus på idretten både frå Skiforbundet og Olympiatoppen.

-Difor er det ekstra stas at Trollheimen Fjellsportsklubb, leia av Emil Haugen Ansnes, klarar å ro i land eit arrangement det blir tala om i lang tid, både nasjonalt og Internasjonalt! meiner Gudmund Kårvatn.

Laurdag kveld var rundt 70 deltakarar og funksjonerar samla i Todalen ungdomshus til stor bankettmiddag. Der vart det diska opp med både viltgryte og dessert, samt foredraget " På ski 12 måneder i året" av Bård Smestad frå Trondheim.

Gudmund Kårvatn
Powered by Labrador CMS