Kommunestyremøte i Surnadal
Vedtak om innfasing av Mo skule i SUBUS
Torsdag var det kommunestyremøte i Surnadal. Dagens største sak var økonomi- og handlingsplan 2026 - 2029. Etter forslag for Høyre vart det fleirtal for eit vedtak om å innfase Mo skule i SUBUS, etter nødvendige utgreiingar.
Kommunestyret gjekk gjennom fleire saker som gjeld økonomi i dette møtet. Trollheimsporten kjem med meir om fleire av sakene frå møtet etter kvart.
Saksdokumenta til møtet finn du på Surnadal kommune si heimeside.
Har maksimalt fire år på å ta inn meirforbruket
Kommunedirektøren innleia til saka om økonomi- og handlingsplan med ein kort gjennomgang av bakgrunnen for meirforbruket, og demografiutviklinga som er grunnlaget for overføringa frå Staten framover.
Økonomisjef Vibeke Langli hadde ein gjennomgang på sentrale inntekter og kostnader framover, og orienterte om driftsbudsjettet.
Statsforvaltaren har i sitt høyringssvar i saka peika på at at kommunen har fire år på seg til å ta inn mindreforbruket når kommune blir meldt inn i ROBEK. Ifølge prognosane som no ligg føre, så skal mindreforbruket frå 2024 og 2025 vere henta inn i løpet av 2028.
Kommunedirektøren gjekk gjennom status på insparingstiltak som er heilt eller delvis gjennomført, som m.a. endringa i leiarstruktur, og uttak av årsverk i feire einingar. Han viste oversikt over forslag på nye innsparingstiltak, som er lagt inn i plana.
Behandlinga av saka om økonomi- og handlingsplan tok fleire timar, og det var mykje debatt. Sjå heile saksbehandlinga på Kommune-TV (eller klikk på vindauget til Kommune-TV nedst i artikkelen).
Fleire endringsforslag
Trond Håskjold (H) foreslo for punkt 2 ei 5 prosent auke i husleie i 2026 for dei kommunale boligene som ikke blir omfatta av vedtaket om gjengs leie frå tidlegare i møtet, altså omsorgsboliger m.v. Forslaget vart einstemmig vedtatt.
Nils Petter Tonning (FrP) la fram forslag om et nytt punkt 16. Forslaget gjekk ut på å stryke oppgradering av sanitæranlegg på Svissholmen til kr 300.000 og toalett på Kavlvegen til kr 600.000 fra investeringsbudsjettet, og bruke tilsvarende sum, 900.000 kroner, på gatelys på Surnadalsøra. Forslaget vart vedtatt med 14 mot 13 stemmer.
Silje Beate Holten SP foreslo å stryke punkt 17 i formannskapet si innstilling. Dette punktet vart lagt til etter vedtak av formannskapet onsdag kveld, etter forslag frå Arbeiderpartiet. Forslaget om å trekke dette punktet vart vedtatt med 24 mot 3 stemmer.
Bente Mosbakk (AP) la fram forslag om å stryke punkt 13 i innstillinga, om ressurs- og kompetansekartlegging i kommunen. Forslaget vart vedtatt med 26 stemmer mot 1 stemme.
Innfasing av Mo skule i SUBUS
Ole Joar Karlstad Bruset (H) la fram eit endingsforslag til punkt 12, om innfasing av Mo skule i SUBUS, etter at nødvendige utgreiingar er gjennomført:
Forslaget var slik:
Endring punkt 12, nytt punkt tiltak 2026 - 2029:
Innfasing av Mo Skole i Surnadal Barne- og Ungdomsskole (SUBUS) etter at nødvendige utredninger er foretatt. Utredninger skal bl.a. sikre at den økonomiske effekten er korrekt, at det er plass på SUBUS uten betydelig inngrep, og vil bygge videre på sak 50/25 - Effektivisering og muligheter for innsparing i oppvekstsektoren etter høring. Økonomisk effekt 4 millionar kroner per år.
Forslaget frå Høyre vart vedtatt med 16 mot 11 stemmer. Arbeiderpartiet, Høyre og Miljøpartiet De Grønne stemte for forslaget. Senterpartiet, Rødt og Fremskrittspartiet stemte mot.
Vedtok felles forslag om nedtrekk av årsverk
Silje Beate Holten (SP) la fram eit felles forslag som kommunestyremedlemmane hadde arbeidd seg fram til. I forslaget ber kommunestyret om ei utgreiing med oversikt over konsekvensar av nedtrekk av årsverk, med mål om nedtrekk av ca. 20 årsverk i 2026. Vidare ber dei om kartlegging av nedtrekk av ytterlegare ca. 15 årsverk i 2027. Forslaget vart einstemmig vedtatt.
Til slutt vart formannskapet si innstilling, med dei endringane som er vedteke i møtet, vedtatt med 22 mot 5 stemmer.
Korrekt ordlyd i alle vedtaka finn du når protokollen blir publisert på Surnadal kommune si heimeside, eller sjå saksbehandlinga i møtet på Kommune-TV:
Trollheimsporten kjem med meir frå kommunestyremøtet etter kvart.