Kommunestyremøte i Surnadal

Flere personer i et møte.

Nye retningsliner for motorferdsel

I kommunestyremøtet i Surnadal torsdag vart det vedtatt nye retningsliner for motorferdsel i utmark, med ubegrensa antal turar og berre kjøretidsbegrensning på natt.

Publisert Sist oppdatert

Miljøvernkonsulent Staffan Sandberg la fram saka for kommunestyret. Denne saka starta med en interpellasjon i mars 2024, med et ønske om revidering av retningslinene for motorferdsel i utmark tidlegare enn planlagt, med sikte på å gi hytteeigarar et ubegrensa antal turar for transport av bagasje til hytta.

Saka har skapt stort engasjement. Det har kome inn 37 høyringsinnspel, der dei fleste skriv at dei støttar det nye forslaget.

Begrensning i kjøretid eller ny høyring

Det vart lagt ut eit høyringsutkast frå Hovudutvalet for tenesteutvikling (HTU), i februar i år, med innstilling på 15 turar pr år. Men da saka kom opp i kommunestyret i mai vart det gjort store endringar. Her vart innstillinga ubegrensa antal turar, berre kjøretidsbegrensningar på natta, og sesongen vart utvida. Saka var dermed lagt ut på ny høyring. 

Statsforvaltaren kom med kommentarar om at innstillinga frå kommunestyret kanskje ikkje var heilt i samsvar med norsk lov, men dei var likevel svært vage i uttalen, sa Sandberg.

I november var saka oppe til ny behandling i HTU. HTU innstilte da på ubegrensa antal turar, og same sesong som i dag. Det ligg også i innstillinga frå HTU at det ikkje skal vere nokon kjøretidsbegrensningar, men forslagsstillaren har i ettertid gjeve beskjed om at det var feil. Sandberg understreka at dersom det ikkje blir lagt inn tidsbegrensningar innstillinga, så må saka ut på enda ein høyringsrunde.

Må argumentere i kvart tilfelle

Sandberg minna om at motorferdsel i utmarker i utgangspunktet forbudt, med nokre unntak. Det det kan gis dispensasjon for frakt av bagasje og utstyr til hytte som ikkje ligg tilknytta brøyta bilveg. Han sa også at i samsvar med den vanlege lovheimelen kan det ikkje gis dispensasjon for ein så liten mengde som innhaldet i ein ryggsekk, ikkje for persontransport, ikkje for å måke hyttetak, og ikkje for å tråkke spor for å transportere meir seinare. For å få dispensasjon i slike tilfelle må det i så fall brukast andre lovheimlar.

Vidare sa Sandberg at Statsforvaltaren har understreka følgande setning frå "Veileder til motorferdselsloven": "For alle dispensasjoner gitt etter §§5 og 6 bør det settes vilkår om at tillatelsen skal gjelde et bestemt tidsrom og som hovedregel bare for en bestemt eller et bestemt antall turer".

Sandberg sa at dette er ei ny problemstilling for Statsforvaltaren, sidan ingen andre kommunar i fylket, i alle fall i løpet av dei siste åra, har prøvd å gje innbyggararne ubegrensa antal turar. Derfor har ein og hatt ein del kontakt med Miljødirektoraret om saka. Ei formulering i ein e-post frå Miljødirektoratet til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tolkast slik at dersom ein skal ha ubegrensa antal turer, så må det argumenterast for dette i kvart enkelt tilfelle. Altså må kommuneadministrasjonen i kvar enkelt sak argumentere for kvifor akkurat denne søkaren treng å ha eit ubegrensa antal turar. 

Sandberg advara om at dersom kommunen begynner å gi løyve til ubegrensa antal turer i stort omfang, så er det relativt stor risiko for at kommunen sin praksis med løyve til motorferdsel blir "sett under administrasjon" av Statsforvalteren, på den måten at kommunen må sende inn alle vedtak om løye dei gir til Statsforvaltaren, og Statsforvaltaren da kan vurdere å oppheve løyvet og/eller gjere eit nytt vedtak.

Ubegrensa antal turar

Kjell Larsen MDG la fram et endringsforslag om begrensing på 15 turar, kjøreforbud på natt mellom kl 23 og kl 6, og krav om føring av kjørebok. Larsen minna mellom anna om at Surnadal er ein berekraftskommune. Forslaget fra MDG fekk 6 stemmer mot 21 stemmer, og fall.

Ken Marius Pedersen (AP) la fram eit tilleggsforslag til innstillinga, om at det ikkje er tillatt å kjøre mellom kl 23 og kl 6, og at retningslinene vurderast på nytt om 2 år. Dette forslaget vart einstemmig vedtatt.

Hovedutvalget for tenesteutvikling si innstilling blei til slutt vedtatt med 21 stemmer mot 6.

--

Sjå heile møtet på Kommune-TV:

Powered by Labrador CMS