Arkivbilete frå kommunestyremøte i Surnadal 10.12.2020. Lars Inge Kvande (Sp) på talarstolen. Han fekk torsdag med seg kommunestyret på å utsette saka om arbeidstid for kommunale tilsette i romjula og ved nyttår.

Kommunestyret utsette sak om arbeidstid i romjula og ved nyttår

Publisert

Torsdag skulle kommunestyret i Surnadal behandle kommunedirektør Knut Haugen sitt forslag om å endre arbeidstida for om lag 180 tilsette i Surnadal kommune i samband med jul og nyttår.

I kommunedirektøren si tilråding var forslaget at arbeidstida i romjula for arbeidstakarar, som ikkje går i turnus/vaktordningar, skulle endrast frå klokka 10-14 til 8-16.

I tillegg var arbeidstida på jul- og nyttårsaftan foreslått endra til klokka 8-12. Sidan 1997 har arbeidstakarar, som ikkje går i turnus/vaktordningar, hatt fri desse to dagane.

Bakgrunnen for saka var at, i samband med behandling av Personalplana for 2019-2023, ba det dåverande kommunestyret om at det vart sett opp ei sak, der ulike arbeidstidsordningar i Surnadal kommune vart gjennomgått.

– Ikke ulovleg å ha betre ordningar

Personalleiar Inger Nordby orienterte kommunestyret før behandlinga av saka torsdag, og ho slo fast at arbeidstidsordningane i Surnadal kommune bør vere i samsvar med sentral tariffavtale.

Dette er og grunnen til at kommunedirektøren ønskjer ei tilpassing til gjeldande tariffavfale.

– Når eg seier det ikkje er i samsvar med den, betyr det at vi i dag har ei kortare arbeidstid ved jul og nyttår enn det som ligg i tariffavtalen, sa Nordby, som seinare i diskusjonen fekk svar på tiltale frå Ap-representant Odd Asbjørn Bævre:

– Det er ikkje ulovleg å ha betre ordningar enn sentrale tariffavtalar.

Lars Inge Kvande (Sp) gjekk på talarstolen og varsla eit forslag i tre punkt, som etter kvart vart definert som eit utsettingsforslag.

Han fekk raskt støtte av mellom anna Bente Mosbakk (Ap).

– Eg ønskjer ein breiare gjennomgang. Eg las at dette kanskje ikkje vil ha nokon økonomisk konsekvens i kroner og øre, men det vil i høgste grad ha det når det gjeld tenesteyting, sa, ho, og la til:

– Det er ikkje eit ubetydeleg tal timar det er snakk om, det vil dreie seg om bortimot to årsverk. Dersom det ikkje har økonomiske konsekvensar for tenesteytinga i Surnadal kommune, veit ikkje eg.

Kvande-forslag vedteke - mot seks stemmer

Kari Evensen (Sp) gjorde det klart at ho var imot tilrådinga, og ho ønska heller ikkje usikkerheita ho meiner ei utsetting ville føre med seg for dei tilsette.

– Ordninga betyr mykje for mange. Eg ser ikkje hensikten med å gå for tilrådinga. Uttalane var, slik eg ser det, grundige og samstemte, og samtlege ønska å behalde ordninga, slik ho er i dag. Eg forstår ikkje agendaen. Ordninga er eit gode for dei tilsette, sa Evensen.

Ho fekk støtte frå både Bergsvein Brøske (Sp) og Nils Petter Tonning (FrP), som og ville behalde dagens ordning.

Til slutt vart Kvande sitt utsettingsforslag vedteke, mot seks stemmer. Det betyr at kommunestyret får opp ei sak om arbeidstidsordningane i Surnadal kommune i juni 2022, og at den ordninga formannskapet vedtok i 1997, vil vere gjeldande ved romjul og nyttår i år.

Powered by Labrador CMS