Surnadal kommunehus

Kommunedirektøren tilrår endra arbeidstid i samband med jul og nyttår

Publisert Sist oppdatert

Kommunedirektøren tilrår at arbeidstida for om lag 180 tilsette i Surnadal kommune skal endrast i samband med jul og nyttår. Endringane vil gjelde arbeidstakarar som ikkje går i turnus/vaktordningar.

Dersom kommunestyret vedtek kommunedirektørens innstilling, vil arbeidstida i romjula bli endra frå kl 10 - 14 til kl 08 - 16, og arbeidstida på jul- og nyttårsaften blir endra til kl 08 - 12. Frå 1997 og fram til dags dato har arbeidstakarar som ikkje går i turnus/vaktordningar hatt fri på julaften og nyttårsaften.

Saken skal behandles i kommunestyret torsdag 16. september.

Kommunedirektørens innstilling

1. Vedtaket i Formannskapet i 28.10.97, sak F 139/97, og som gjeld opningstid for kommunale kontor og arbeidstid for tilsette i jula blir oppheva.

2. Arbeidstid juleaften og nyttårsaften for arbeidstakarar som ikkje går i turnus/vaktordningar skal vere frå kl. 08.00 – 12.00, når desse dagane fell på vekedagar frå måndag til fredag, jf. Hovudtariffavtalen, Etter Hovudtariffavtalen er arbeid frå kl. 08.00 – 12.00 desse dagane rekna som ordinær arbeidstid, jf. Hovudtariffavtalen kap.1, pkt. 4.6.

3. Arbeidstid i romjula blir for arbeidstakarar som ikkje går i turnus/vaktordningar skal vere frå kl. 08.00 – 16.00.

4. Kommunale kontor blir stengt juleaften og nyttårsaften. Opningstid for kommunale kontor i romjula blir frå kl. 10.00 – 14.00.

5. Det nye vedtaket gjeld frå og med jula 2021.

Saksopplysningar

I samband med behandlinga av kommunen si gjeldande Personalplan for perioden 2019 - 2023, vedtok det forrige kommunestyret at dei ønskte ein gjennomgang av ulike arbeidstidsordningar i Surnadal kommune som gjeld frå 01.07.19 – 31.12.23. Denne saka gjeld arbeidstid i samband med jul og nyttår for arbeidstakarar som ikkje går i turnus eller tilsvarande vaktordningar. Sak som gjeld ordning med sommartid i Surnadal kommune, vil komme som eiga sak seinare. Spørsmål om kortare arbeidstid i samband med jul og nyttår har også dukka opp i samband med prosjektet «Snu alle steinar» som vart starta opp i 2020.

Formannskapet sitt vedtak frå 1997:

Vedtaket om arbeidstid i samband med jul og nyttår for dei som ikkje går i turnus/vaktordningar, og som er gjeldande i dag, er frå 1997.

Formannskapet fatta 28 10 97 – F sak 139/97 følgjande vedtak:

Opningstid for kommunale kontor og arbeidstid for dei tilsette i jula:

1. Kommunale kontor blir stengt juleaften og nyttårsaften. Opningstid for kommunale kontor i romjula blir frå kl. 10.00 – 14.00.

2. Arbeidstakarar som ikkje går i turnus/vaktordningar får fri juleaften og nyttårsaften og arbeidstida i romjula blir frå kl. 10.00 – 14.00.

3. Ved avspasering eller ferieavvikling i romjula blir det rekna time mot time ved avspasering og dag mot dag ved ferieavvikling.

4. Dette vedtaket står fast til det evt. kjem inn nye moment som gjer det naturleg å vurdere dette på nytt.

Etter ei gjennomført kartlegging som ein har foretatt, er det pr. i dag ca. 180 arbeidstakarar som har arbeidstid i samsvar med vedtaket i formannskapet frå 1997.

Dei som går i turnus har arbeidstid som er fastlagt etter turnusprotokollar som er inngått med arbeidsgjevar.

Når det gjeld undervisningspersonale, har dei eigen arbeidstidsavtale og er ikkje omfatta av det vedtaket som formannskapet fatta i 1997.

Tilbakemelding frå KS

Spørsmålet om Surnadal kommune har høve til å fatte eit nytt vedtak om arbeidstid i høgtider, slik at arbeidstid på juleaften og nyttårsaften er frå 08.00 – 12.00, og frå kl. 08.00 – 16.00 på arbeidsdagar i romjula, har vore forelagt KS for vurdering.

Dette er spørsmålet som kommunen sendte til KS:

«Opp gjennom åra har det i kommunen vår vore noko varierande arbeidstid i samband med jule- og nyttårshelg, etter ulike vedtak som har vore fatta av administrasjonsutval og formannskap. Det har aldri vore inngått nokon avtale mellom kommunen og arbeidstakarorganisasjonane om arbeidstid i høgtider for dei som ikkje går i turnus- og vaktordningar. Det siste vedtaket som formannskapet fatta er frå 1997 og gjeld framleis. Vedtaket går ut på at kommunale kontor blir stengt juleaften og nyttårsaften, og at åpningstid for kommunale kontor i romjula blir frå kl. 10.00 – 14.00. Arbeidstakarar som ikkje går i turnus- og vaktordningar, får fri jule- og nyttårsaften, og arbeidstida i romjula er frå kl. 10.00 – 14.00. Siste punkt i vedtaket er at dette står fast til det evt. kjem inn nye moment som gjer det naturleg å vurdere dette på nytt. No har det dukka opp spørsmål som gjer at det må vurderast på nytt, både fordi kommunestyret har bedt om ein gjennomgang av ulike arbeidstidsordningar, og fordi det frå arbeidstakarar som går i turnus blir opplevd som urettferdig. Eit alternativ er at det blir gjort eit nytt vedtak om at arbeidstida i jule- og nyttårshelga skal vere kl. 08.00 – 12.00 jule- og nyttårsaften, og at arbeidstida i romjula skal vere frå kl. 08.00 – 16.00. Ukentleg arbeidstid vil ligge innafor Hovudtariffavtalen sine bestemmelser, herunder sikringsbestemmelsen i kap. 1, § 4, punkt 4.2.1. Kan kommunen fatte eit slikt vedtak?

Her er tilbakemeldinga som kommunen mottok frå KS medlemsservice:

«Som nevnt under punkt 1 (MERK: punkt 1 gjaldt eit anna spørsmål som kommunen hadde bedt om tilbakemelding på) er det arbeidsgjevar som etter drøftinger fastsetter når arbeidet skal utføres herunder definerer åpningstider på kommunale kontorer og når de skal være stengt. Et slikt vedtak står derfor kommunen fritt til å treffe men det må gjennomføres drøftinger med de ansatte. En økning av arbeidstiden på jule-/nyttårsaften vil nødvendigvis ikke medføre litt lavere arbeidstid ellers i året. I 1997 hadde kommunen ikke anledning til å redusere arbeidstiden for kontoradministrasjonen og i den grad arbeidstiden etter 1987 har blitt redusert som følge av vedtak av administrasjonsutvalg og formannskap kan(skal) denne økes til det nivå som ble fastsatt etter arbeidstidsreduksjonen i 1987.»

Høyringsrunde

Etter at kommunen mottok tilbakemelding ang. gjeldande lokale vedtak om arbeidstid i samband med jul og nyttår dei som ikkje går i turnus/vaktordningar, vart det utarbeidd eit høyringsnotat om spørsmålet, sjå vedlegg. Høyringsnotatet vart sendt ut til arbeidstakarorganisasjonane og leiarar til evt. uttale. Høyringsfrist var 08 01 21. Det kom inn høyringsuttalar frå Utdanningsforbundet, Fagforbundet, Delta, FO, felles uttale frå Naturviterne, Afag og Tekna, Kultureininga, Økonomiavdelinga eininga Sjukeheimen, og PPT. Les uttalane under sak 47/21 her

Drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane

I samband med høyringsrunden kom det innsigelse på at det ikkje hadde vore gjennomført formelle drøftingar om temaet i henhald til reglane i Hovudavtalen, og at det ikkje hadde vore eige drøftingsmøte om saka.

Saka hadde vore tatt opp og diskutert på fleire av dei oppsette møtene etter møteplana med dei hovudtillitsvalde og hovudverneomboda , men det hadde ikkje vore innkalla til eit særskilt drøftingsmøte der berre denne saka skulle drøftast.

På bakgrunn av dette vart det innkalla til og gjennomført drøftingsmøte med arbeidstakarorganisasjonane 03.02.21, der denne saka var einaste tema som vart tatt opp.

Frå arbeidsgjevar vart det sagt at bakgrunnen for å ta opp saka er at det er viktig at kommunen har arbeidstidsordningar som blir opplevd som mest mogleg rettferdig, og at det ikkje er fordi ein ønskjer å ta bort ei ordning berre for å gjere det. Det har tidlegare komme innspel frå tillitsvalde og tilsette om at det er urettferdig at nokre arbeidstakargrupper har ekstra fri i jule- og nyttårshelga, når turnusarbeidarar ikkje har det.

Oppsummeringa frå arbeidstakarorganisasjonane som deltok på drøftingsmøtet er at eit klårt fleirtal ønskjer at noverande arbeidstidsordning i samband med jul og nyttår for tilsette som ikkje går i turnus skal halde fram.

Hovudtillitsvald for ein organisasjon ga uttrykk for at det blir opplevd som urettferdig at nokon arbeidstakarar har kortare arbeidsdagar i jula enn andre. Under drøftingsmøtet vart det også stilt spørsmål om det ikkje skal bli gjeve ein lønnskompensasjon til dei arbeidstakarane som er omfatta av ordninga i dag, dersom den blir avvikla. Frå arbeidsgjevar vart det svara at dette ikkje er aktuelt, då 4 situasjonen er slik at sjølv om det blir nokre fleire arbeidstimar i samband med jul og nyttår enn før, vil ein likevel ligge innafor den tariffbestemte arbeidstida (årstimetalet) som følgjer av Hovudtariffavtalen.

Vurdering

I løpet av høyringsrunden og etter drøftingsmøtet med arbeidstakarorganisasjonane, vurderer kommunedirektøren det slik at det kan vere gode argument for å oppretthalde vedtaket frå 1997, men det er også komme inn nye moment og synspunkt som gjer at det bør fattast eit nytt vedtak.

Kommunedirektøren vurderer det slik at arbeidstida i høgtider bør vere lik den som følgjer av gjeldande tariffavtale, jf. tilbakemeldinga frå KS.

Kommunedirektøren vil tilrå at vedtaket i Formannskapet i sak 28.10.97, sak F/139/97 blir oppheva, og at ordning med fri juleaften og nyttårsaften og halve dagar i romjula opphøyrer.

Det blir fatta eit nytt vedtak om at arbeidstid på juleaften og nyttårsaften blir frå kl. 08.00 – 12.00 når desse dagane fell på vekedager frå måndag til fredag, og at arbeidstid i romjula blir frå kl. 08.00 – 16.00.

Forslaget om endra arbeidstid har ikkje samanheng med opningstid/-dagar på kommunehuset, og det blir ikkje tilrådd endring av opningstid.

Kommunedirektøren vil tilrå at det nye vedtaket blir gjort gjeldande frå og med jula 2021.

Alle dokumenta i saka finn på du Surnadal kommune sin heimeside

Powered by Labrador CMS