Bilde av dame med langt lyst hår og briller
Konsernleiar marknad i Svorka, Linn Wærdahl-Schei Hamnes

Lita interesse …så langt

Det har vore muleg å bestille «noregspris» på din straumavtale sia 1. oktober. Dei aller fleste sitt på gjerdet i Svorka sitt område.

Publisert Sist oppdatert

Straumstøtteordninga noregspris vart innført av regjeringa for å gi abonnentane tilbod om fastpris på straum frå dei bestiller dette og ut neste år. Har du bestilt noregspris på din straumavtale, vil du betale 50 øre/kWh, pluss påslag og månadsavgift til straumleverandøren du har avtale med. Har du til dømes den mest vanlege spotprisavtalen med Svorka, betalar du 6,49 øre/kWh og ei månadsavgift på kr 49 oppå denne femtiøringen, altså totalt kring 57 øre/kWh. Nettleige med avgifter kjem i tillegg.

Så da er spørsmålet; er det gunstigast å betale noregspris, eller den høgst skiftande spotprisen med straumstøtte?

Fasiten for i fjor finn du ut om du går inn på «min side» under nettstaden elhub.no. Da vil du mest truleg finne ut at det ikkje ville lønt seg å betale noregspris for straumforbruket ditt i 2024.

Men det treng ikkje bli slik for det komande året, da det er mange faktorar som spelar inn på forbruk og pris. Ein av desse faktorane er at det har kome ein ny overføringskabel over Sognefjorden, slik at vårt prisområde no kan utveksle straum med Vestlandet. Sia straumprisen i Midt-Noreg har vore lågare enn lenger sør, er ein usikker på om denne nye kabelen fører til «prissmitte» og dyrare straum i Midt-Noreg.

Konsernleiar marknad i Svorka, Linn Wærdahl-Schei Hamnes, seier det er for tidleg å vite kva effekt denne kabelen får på spotprisen:

- Prisen gjorde eit hopp heilt først på, men har etter det lagt seg ned på eit meir normalt midt-norsk nivå. Men ein kan ikkje seie noko sikkert enno om kva effekt denne kabelen vil få på straumprisen i vårt område.

Det som er sikkert er at det aller fleste av Svorka sine kundar framleis er på den vanlege straumstøtteordninga. Svorka fortel at berre «ein handfull» har bestilt noregspris på sin straumavtale så langt. Så anten meiner dei fleste kundane at dei kjem best ut med den skiftande spotprisen, eller så er dei avventande, sitt på (straum)gjerdet, og ser med spenning på korleis straumprisane vil utvikle seg.

Powered by Labrador CMS