Frå Bøfjorden til Carnegie Hall - og Normoria
Sigrid Vetleseter Bøe (36) frå Bøfjorden har hatt travle og innhaldsrike dagar i det siste. Etter tre opningskonsertar - som songsolist og konferansier - på Normoria i Kristiansund er ho no tilbake hos mannen Erik og dotter Augusta (8) i Stockholm.
Sigrid kom direkte til Kristiansund frå sitt hittil kanskje mest ærefulle oppdrag, gallakonserten i Carnegie Hall i New York laurdag 18. oktober, som vinnar av den profesjonelle songklassen i Manhattan International Music Competition.
– Eg trudde det var spøk da eg fekk melding om denne førstepremien. Men juryen hadde altså vurdert mine konkurransebidrag - mellom dei arien «Tu puniscimi, o Signore» frå Giuseppe Verdis opera «Luisa Miller» - og kåra meg til vinnar. Ufatteleg stort å få vera blant dei få norske som har fått synge i sjølvaste Carnegie Hall, seier Sigrid.
Elizabeth Connell Prize i 2021
Også i 2021 vann Sigrid førstepris i ein stor internasjonal songkonkurranse – nemleg Elizabeth Connell Prize 2021 – ei minnetevling etter den store australske sopranen Elizabeth Connell. Her sat den legendariske dirigenten Richard Bonynge i juryen. Han erklærte følgjande: «Sigrid has proudly received the highest score of this year’s Elizabeth Connell Prize for dramatic sopranos».
Sopranar frå heile verda deltok i Connell-konkurransen. Både den gongen og i år vart songaren frå Bøfjorden vurdert på grunnlag av innsendte videoopptak.
Starta med Nattens Dronning
Sigrid har vore glad i song og klassisk musikk frå ho var lita. Som fireåring herma ho livleg etter dei høgaste tonane frå Nattens Dronning i «Tryllefløyten». Når kyrkjekoret, med storesøster Nora og foreldra hadde øving og framføringar, var ho gjerne med. Og snart deltok ho og fleire venninner i Åsskard Kyrkjekor og Syng-i-lag-Koret i Stangvik. At kor er eit godt miljø for å utvikle song og musikalitet, er grundig dokumentert gjennom historia. Både komponisten Schubert og Beatles-legenden Paul McCartney starta i kor...
Aldri utlært
Etter kvart vart det songundervisning – først hos Gail Opaas i Kristiansund og vidare på NTNU i Trondheim og på Operaskolan i Stockholm. Og – tru ikkje at ein prisvinnande songar er «utlært»: Sigrid tek stadig regelmessig songundervisning hos internasjonale pedagogar!
Ein kulturprofil som har betydd mykje for Sigrid, er Peder Rensvik. Han gav henne store solistoppdrag alt medan ho var ung student – sopranpartia i Mozarts «Kroningsmesse», Bachs «Juleoratorieum» og Handels «Messias». Det stimulerte utviklinga og gav stor motivasjon.
Store roller
Songyrket kan vera tøff business – verda er full av fantastiske solistar, ikkje minst sopranar. Sigrid er difor glad og stolt for oppdrag og roller ho har fått. Lista er etter kvart lang. Nokre operaer kan nemnast:
Mozarts «Tryllefløyten» på Kungliga Operan i Stockholm (Førstedame), Helena i ”En Midtsommernattsdrøm» av Benjamin Britten (Malmö Opera), hovudrolla i «Macbeth» av Verdi på Läckö Slottsopera, Musetta i «La Boheme» (Kungliga Operan), Rosalinda i «Flaggermusen» - og elles blant anna tittelrolla i «Czardasfyrstinnen» på Operaen i Kristiansund, er ho etter jul fører an som «Anne Pedersdotter» av Edvard Fliflet Bræin i første operaoppsetting i det nye konserthuset Normoria.
Nettopp i Normoria har ho torsdag, fredag, laurdag sist veke hatt solistroller og vore konferansier under den storstilte opninga. I etterkant rasa det inn hundrevis av gode tilbakemeldingar på facebook, både om opningsarrangementet og om Sigrid si rolle.
«Var har du varit...?»
Også i kyrkjemusikken har Sigrid hatt store oppdrag. Samarbeidet med Peder Rensvik og Kristiansund Symfoniorkester er nemnt. Blant kyrkjeroller i Sverige kan nemnast «Missa da Requiem» av Guiseppe Verdi.
I Stockholm har Sigrid også arbeidd mykje saman med domorganist Michael Waldenby, ein av landets fremste kyrkjekomponistar. Han fann tidleg ut at ho hadde den sopranstemmen som passa best til hans musikk. Dette uttrykte han slik første gong han høyrde henne: «Var har du varit i hela mitt liv?».
Internasjonale og lokale scener
Waldenby har skrive fleire komposisjonar spesielt for Sigrid. Aller størst i så måte er «Credo Nicaenum» - eit oratorium for to kor, sopran, alt-solo og orkester til 1700-årsjubileet for Den Nikenske Truvedkjenninga frå året 325.
Verket vart urframført i ei fullsett Uppsala Domkyrka i mai. Med Kungliga Hovkapellet som orkester fekk jenta frå Bøfjorden synge sopranpartiet som altså var spesialskrive for stemmen hennar. Ja - vel vitande om at Sigrid elskar Griegs musikk, siterer han i soloen hennar litt av «Morgenstemning» frå Peer Gynt. Foreldra til Sigrid fortel at det var ubeskriveleg for dei å oppleve denne historiske konserten i Uppsala Domkyrka!
Under den uforglømmelege vinnarkonserten i Carnegie Hall framførte Sigrid fire perler frå operalitteraturen - Musettas arie «Quando m’en vo» frå La Boheme av Puccini, «Tacea la notte placida» og «Di tale amor» frå Trubaduren av Verdi og «Meine Lippen sie küssen so heiss» frå Giuditta (Juditha) av Franz Lehar.
Sigrid har i mange år stått i spissen for Stangvikfestivalen og for dei årlege julekonsertane «Tonar i julenatt», forutan å ha stått for operainnslag saman med operakollegaer på Vårsongfestene i Bøfjorden Grendahus.