Et møterom med mange mennesker.
Fra kommunestyremøtet i april.

Kommunestyremøte i Surnadal torsdag - følg med på Kommune-TV

Kommunestyret i Surnadal har møte torsdag 23. mai. Det blir orienteringar frå eldrerådet, frå ungdomsrådet og frå ReMidt. I tillegg blir det orientering om Orkdalspakken.

Det bli ny behandling av konseptvalutredninga for Surnadal helsehus 2023, og val av konsept. Denne saka vart utsett på det siste møtet. Plan og byggenemnda si tilråing er val av alternativ 3.

Kommunestyret skal og bestemme om Surnadal kommune skal bli medlem i Norske kjernekraftkommuner. 

Sakslista til møtet finn ein på Surnadal kommune si heimeside, og møtet blir overført direkte på Kommune-TV.

Powered by Labrador CMS