Formannskapsmøte i Surnadal

Innbyggarane vil merke innsparingane
Tysdag denne veka var det formannskapsmøte i Surnadal, med fleire økonomisaker på sakslista.
Formannskapet skulle mellom anna behandle første utkast til budsjett for 2026 og økonomiplan for perioden 2026-2029, årsmelding og årsrekneskap for 2024, tertialrapport for første tertial i år, samt budsjettregulering for første tertial. I tillegg var det ei sak om forslaget til effektivisering og moglegheiter for innsparing i oppvekstsektoren, jf. kommunestyrevedtak 03.04.2025, som kommunedirektøren tilrådde å legge ut til offentleg høyring.
I alle desse saken skulle formannskapet gjere vedtak om innstilling til kommunestyremøtet i neste veke.
Mindreforbruk etter første kvartal
Kommunedirektør Lars Inge Kvande og økonomisjef Vibeke Langli innleia med ei orientering om økonomien i kommunen. Tertialrapporten pr 30. april viser eit samla mindreforbruk på eininganen på 688.000 kroner. Økonomisjefen sa at det er nokså store avvik både i positiv og i negativ retning på dei ulike einingane. Nokre av einingane slit med å halde seg innanfor ramma.
Sjukefråværet er framleis høgt, men litt lågare enn på same tid i fjor. Økonomisjefen sa at det er vanskeleg å skaffe arbeidskraft i nokre av einigane, slik at folk må arbeide ekstra og gå overtid. Vidare sa ho at det har oppstått ein del uventa kostnadar, knytta til enkeltvedtak. Men i eit par av einingane har det likevel vore gjennomført større nedtrekk av tilsette enn det som var forventa da budsjettet vart lagt.
Prognosene pr i dag viser at det KAN bli eit meirforbruk på einingane på om lag 15 millionar kroner, sa Langli. Ho påpeika at kommunedirektøren har lagt fram ei rekkje tiltak som ein ser for seg at MÅ gjennomførast for å klare å halde rammene.
Netto driftsresultat for heile kommunen i tertialrapporten er eit mindreforbruk på 3,2 millionar kroner. Dette skuldast i hovudsak at netto finansutgifter er lågare enn forventa på dette tidspunktet, heiter det i saksframlegget.
Kuttar fleire årverk
Når det gjeld budsjettreguleringa så er den største endringa ein vesentleg reduksjon av inntekter frå sal av kosesjonskaft. Prognoser som kommunen har fått frå Svorka nyleg viser ein reduksjonen av desse inntektene på 5,3 millionar kroner, opplyste økonomisjefen. Prognosene kan endre seg gjennom året, for inntekta på sal av konsesjonskraft er ikkje minst avhengig av korleis vêret blir. Akkurat no er magasina fulle, og dermed er straumprisen låg. I tillegg vart årets aksjeutbytte frå Svorka 3 millionar kroner lågare enn budsjettert, så dette må og justerast ned.
Det vil bli nødvendig med enda meir nedtrekk på einingane. Det blir mindre bosetting av flyktningar framover, slik at integreringstilskotet går ned, og da må tenestenivået på nokre av einingane reduserast.
– Vi kjem til å sette i verk enda fleire tiltak, og det vil nok merkast godt på tenestenivået ut til innbyggarane framover. Men det er nødvendig for klare å kome i mål, sa økonomisjefen.
Langli varsla óg om ytterlegare reduksjon i antal årsverk, i tillegg til det som er nemnt i den opprinnelege tiltakslista. Ho antyda at det er snakk om 5-6 årsverk, og ho sa at det blir jobba vidare med dette. I tillegg blir det ein ny gjennomgang på dei kommunale inntektene, der både husleienivået og nivå på kommunale gebyr, med unntak av sjølkostområdet, blir vurdert på nytt.
Høyringsdokument om skulestruktur
Den siste saka i formannskapsmøtet denne dagen var "Effektivisering og moglegheiter for innsparing i oppvekstsektoren", som skal leggast ut på høyring.
Ettersom endring av skulestrukturen er det mest omfattande forslaget til innsparing er det dette som får mest
merksemd i høyringsdokumentet. Ein kan lese heile høyringsdokumentet i den komplette innkallinga til dette formannskapsmøtet på Surnadal kommune si heimeside. Ulike alternativ til ny skulestruktur og andre innsparingar i oppvekstsektoren er drøfta i dokumentet.
Kommunedirektøren si innstilling i saka:
Forslaget til effektivisering og moglegheiter for innsparing i oppvekstsektoren vert lagt ut til offentleg høyring. I tillegg vert forslaget sendt ut til aktuelle foreldreråd og -utval i skule og barnehagar. Det vil bli lagt særleg vekt på sikre uttalar frå elevråd og ungdomsråd i prosessen.
Gøran Bolme (SP) la fram eit endringsforslag, som ein kan sjå i vedtaket på Surnadal kommune si heimeside. Forslaget frå Senterpartiet fall med 3 mot 6 stemmer.
Kommunedirektøren si innstiling vart dermed vedteke, og innstillinga frå formannskapet går vidare til kommunestyret. I dei andre sakene som er nemnt over støtta formannskapet einstemmig kommunedirektøren si innstilling. Alle desse sakene går óg vidare til kommunestyret i neste veke.
Sjå heile møtet i opptak her: