NRK: To menn dømt for forsøk på narkotikaproduksjon i Surnadal
I januar i år blei det aksjonert mot eit hus i Surnadal, som politiet mistenkte var knytt til narkotikaproduksjon. No er to menn dømde.
Ein mann i 30-åra er dømt til fengsel i eitt år og åtte månader, medan ein mann i 20-åra er dømt til fengsel i 10 månader. Dei er dømt for forsøk på eit grovt narkotikalovbrot eller medverknad til dette. Det går fram av ein dom frå Nordmøre og Romsdal tingrett, skriv NRK Møre og Romsdal onsdag.
Politiet meiner at dei kunne ha produsert minst 6 kilo med cannabis i bustaden i Surnadal, hadde det ikkje blitt avverja.
Les heile saka på NRK Møre og Romsdal sine nettsider.