Frigir namn etter trafikkulykke i Surnadal

Publisert Sist oppdatert

Det var Benjamin Romundstad (22) frå Rindal kommune som omkom i MC-ulykka i Surnadal torsdag 13. april.

Møre og Romsdal politidistrikt frigir namnet i samråd med dei pårørande.

Ulukka skjedde på Åsskardsvegen i Surnadal litt etter kl 18 torsdag kveld.

- Etterforsking pågår, og vi håpar at resultatet av den vil gi oss eit nærmare svar på kva som kan vere årsaka til ulykka, seier politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt, Kathrin Haram.

Powered by Labrador CMS