Trafikkuhell på Sande

Publisert Sist oppdatert

Rett før klokka 7 måndag morgon meldte politiet på Twitter at ein bil hadde køyrd av vegen på fv65 ved Sande i Surnadal. Det var ein person i bilen. Føraren framsto ikkje som alvorleg skadd, men vart sendt til lege for ein sjekk, melder politiet i Surnadal til Trolheimsporten.

Måndag morgon hadde politiet óg ein promillekontroll på vegen mot Kvanne, ved Skei. 55 førarar vart kontrollerte, og alle var edru.

Powered by Labrador CMS