Pressemelding:
Møre og Romsdal Venstre: Krev innovative og smartare kollektivløysingar
Det var stort engasjement blant delegatane på fylkesårsmøtet til Møre og Romsdal Venstre i Kristiansund sist helg. Fylkesvalprogram 2023-2027 vart vedteke, og strategi diskutert føre valkampen til kommune- og fylkestingsvalet til hausten, skriv partiet i ei pressemelding.
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo var ein av fleire sentrale Venstre-profilar som var til stades. Han fekk med seg viktig kunnskap om politikk som opptek Møre og Romsdal Venstre.
Topptrioen på lista til fylkestingsvalet, Pål Farstad, Lena Landsverk Sande og Frank Stenløs, står klare for å kjempe fram sakene som årsmøtet vedtok. Venstre vil vere pådrivar for politikk som peikar framover, gir fridom og samtidig sikrar at ingen fell utanfor. Sjølv om samferdsle og utdanning tek største del av kaka til fylkeskommunen, så vil Venstre også vere eit talerør for kultur og folkehelse.
Frå vedteke valprogram:
Møre og Romsdal Venstre meinar at fylkeskommunen må vere ein pådrivar for innovasjon og utvikling av betre kollektivtransport, gjennom meir saumlause og smartare løysingar. Særleg for unge og eldre må kollektivtrafikken imøtekome behova som gjeld i dag og framover.