Midtsommar i Surnadal

Open dag hos Svorka
I samband med Midtsommar i Surnadal, arrangerte Svoka open dag laurdag. Her var det mange lærerike aktivitetar, servering av bakels, kaffe og is. I tillegg fekk alle straumkunder utdelt to gratisbillettar til Orklabadet på Orkanger.
Lærerike aktivitetar frå Vitensenteret
Her kunne ein prøve nattesten, kjent frå TV-serien Mesternes Mester, giga spretterten, straumlabyrinten, balanseøvingar. Aktivitetane var for heile familien.


Dei minste fekk køyre ATV
Dei minste fekk køyre ATV, eller rettare sagt, dei fekk sitte på med ATV med ein vaksen og køyre gjennom ei hinderløype. Dette var ein særs populær aktivitet!
Gratis bakels, kaffe og is
Annonse
Svorka spanderte også bakels med syltetøy, kaffe og is på dei som kom innom. Alle straumkundar fekk i tillegg to gratisbillettar til Orklabadet på Orkanger.