Kristin Eidsli blir ny festivalkoordinator, med f.v. Bergsvein Brøske, Helge K. Sættem og Øystein Hjelle Bondhus som støttespelarar.

SKUV overtek ansvaret for midtsommarfesten

Surnadal konseptutvikling (SKUV) har engasjert Kristin Eidsli som festivalkoordinator for årets "Midtsommar i Surnadal".

Publisert Sist oppdatert

Onsdag føremiddag inviterte Surnadal Næringsforening og Surnadal Konseptutvikling (SKUV) til pressetreff på Surnadal kulturhus.

Her vart vi informert om at SKUV har engasjert Kristin Eidsli som prosjektleiar for Midtsommar i Surnadal 2026.

- Vi i Surnadal Næringsforening tok kontakt med SKUV for å høyre om dei kunne overta organiseringa av Midtsommar i Surnadal, sa leiar i Surnadal Næringsforening, Bergsvein Brøske.

- Dei har jo det viktigaste i Midtsommar i Surnadal gjennom festene, og dei har ein organisasjon som er godt rusta for eit slikt arrangement, la han til.

- Det er som Bergsvein seier, vi har hatt eit veldig bra samarbeid dei to siste åra, så heile styret var positive til å overta ansvaret for Midtsommar i Surnadal 2026, sa Øystein Hjelle Bondhus.

- Vi ønsker å bidra til å skape aktivitet i bygda, la han til.

Surnadal Næringsforening og SKUV vart raskt samde om at SKUV overtek arbeidet og koordineringa av Midtsommar i Surnadal 2026. SKUV har difor engasjert Kristin Eidsli som festivalkoordinator for årets arrangement.

- Vi er veldig glad for å få med oss Kristin som festivalkoordinator, og ho var vår einaste kandidat, så vi rett og slett head-hunta ho, sa Øystein.

Midtsommar i Surnadal meir enn berre fest 

Bondhus var klar på at det framleis er slik at SKUV har ansvaret for dei to festkveldane, som i år blir fredag 20. juni og laurdag 21.juni, medan Kristin skal koordinere og få oversikt over alle dei andre arrangementa som blir arrangert i løpet av den store veka Midtsommar i Surnadal er planlagt å vare.

Det er framleis slik at alle som ønsker å vere ein del av Midtsommar i Surnadal og vil arrangere noko i denne perioden, melder til Kristin, slik at ho får laga ein oversikt over alle arrangementa og gjort desse tilgjengeleg for folk, mellom anna på heimesida for arrangementet. 

Viktig at noko skjer i bygda! 

- Det er viktig at det skjer ting i bygda, sa den nye festivalkoordinatoren, Kristin Eidsli til slutt under pressetreffet.

Så da er det berre og oppfordre alle som skal arrangere noko i perioden 20. – 30. juni i Surnadal kommune om å melde frå om dette til Kristin!

Programmet for festkveldane klart 

Heile programmet for årets utgåve av Midtsommar i Surnadal er sjølvsagt ikkje heilt klart enda, men programmet for dei to festkveldane den 20. og 21. juni er klart.

Fredag 20. spelar Byggesett, 3D og Fjellrev

Laurdag 21. er det SKUV med lokale med-musikarar som vil framføre Queen.

Powered by Labrador CMS