ANNONSE:

Svinvik Arboret

Invitasjon til dugnad i Svinviks arboret

Årets vårdugnad i arboretet går av stabelen torsdag 06.mai kl.18.00.

Håper på godt oppmøte til ei triveleg arbeidsøkt for å gjere hagen fin til sesongen.

Ta gjerne med eigne redskap, rive og hagesaks er mest aktuelt.

Vi byr på enkel og smittevernvenleg kaffeservering, utandørs. Alle som bidreg i dugnaden får også ein sesongbillett til arboretet.

Sjølv om vi har god plass og mykje frisk vårluft gjeld smittevernreglane her også, så vi ber alle om å hugse å halde tilstrekkeleg avstand til kvarandre både i arbeid og pause. Påmelding er ikkje nødvendig, men alle oppmøtte blir registrerte, i tilfelle smittesporing.

Velkomne 🙂

Powered by Labrador CMS