Det var mellom anna musikalsk underhaldning under Vårsøg 4H sin haustfest.

Fin haustfest i Vårsøg 4H

Publisert

For ei veke sidan hadde Vårsøg 4H haustfest i Røde kors-huset på Bøvra.

Grunna restriksjoner så var det kun dei næraste utvalgte som var invitert.

Medlemmer i styret åpna festen, med musikalsk innslag der fire av medlemmane spelte kvar sin song på piano. Det vart og vist fram ein kelnersketsj, før kløverane dansa BliMe-dansen.

Det var god basarstemning, med basarbok med Vippsbetaling, sal av kaffi og kaker i muffinsformer. Vi hadde fått fine gevinstar frå Coop Mega, Kiwi, Rema 1000, Bunnpris og Europris, med fleire.

Til sist var det utdeling av merker av vurderingsark. Åtte mottok aspirantmerke og fem fekk kløvermerke.

I år hadde vi ikkje utstilling av prosjekta våre, så vi prøvde oss på noko nytt, med ein bildekavalkade på veggen, medan Erlend Ekle kåserte undervegs om året som var gått og bileta frå prosjekta.

I og med at det var Halloween-helg kledde somme seg ut, og vi hadde litt skremande pynt.

Her kan du bla i nokre bilde frå haustfesten:

Siste innspurt på prosjekta nokre dagar før haustferien.
Eksempel på prosjekt.
Powered by Labrador CMS