LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Sløseri med skattebetalarane sine pengar

"Ap og samferdselsministeren fortsetter å sløse vekk store beløp på galskapens prosjekt Møreaksen, sjølv om prosjektet er heilt ute av NTP"

Samferdselsministeren unnlater gong etter gong å svare på mine spørsmål, om korleis det er mulig å drive regulerings og planarbeidet i samband med Møreaksen, planar som kun gjelder i 10 år, når Møreaksen er fjerna heilt vekk frå NTP sin 12 års periode.

Dette betyr at ein "kastar pengar ut av vinduet" då arbeidet etter 10 år må gjerast på nytt. 

  • og, sjølvsagt totalt vekkasta då Møreaksen aldri skal byggjast.

Dette er derimot heilt i tråd med dagens regjerings økonomiske politikk, der sløseri med offentlege midlar står sterkt, i staden for å prioritere vegvedlikehold og ta ned antall hardt skadde og døde i trafikken.

Dette statsbudsjettet og regjeringa sin NTP medfører fortsatt auka vedlikeholdsetterslep, som berre på fylkesvegene no passerer  100 milliarder kr.

30-50% av dei alvorlige ulykkene skuldast dårleg vedlikehold, vegbane og vegstandard.

Statens vegvesen og samferdselsministeren seier blankt nei til å bruke ei krone på andre vegprosjekt her i fylket, slik som til dømes Voldatunellen som er byggeklar og faktisk ligg i NTP.

I staden opplever vi ein særdeles svak samferdselsminister som ikkje maktar å styre Statens vegvesen region midt til å stoppe pengesløseriet på Møreaksen.

Det er åpenbart at det som skal til for å stappe Møreaksen prosjektet langt ned i søppelkassa, og samtidig instruere Statens vegvesen til å gjøre det dei skal, 

  • er eit stort og sterkt FrP etter Stortingsvalget neste haust.

"Tar gjerne over samferdselsministerposten, og det fyrste som skal skje er å prioritere dei verkelege viktige vegane her i fylket og i resten av landet, og skrote Møreaksen èin gong for alle"

Frank Sve
1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for FrP

Powered by Labrador CMS