LESERINNLEGG:

Johs. J. Vaag
Johs. J. Vaag

Ros for initiativ og gjennomføring av vellykka innsamlingsaksjon

Publisert Sist oppdatert

I avisa Driva av 13. januar (s.2) kan ein lese om innsamling av hjartekompresjonsmaskin til ambulansar i regi av LHL avdeling Sunndal og Nesset. Midlar til maskin i ambulanse i Sunndal er innsamla og no står Surnadal og Rindal for tur. Så bra! Frivillig innsats er viktig.

Ros til Driva-redaktør Tommy Fossum som utfordra LHL-leiar Kolbjørn Aarstein til å starte innsamlingsaksjonen til inntekt for hjartekompresjonsmaskiner i Sunndal, Nesset og også bidrog til innsamlinga til same føremål i Surnadal og Rindal. «Redaktør Fossum utfordret oss, og den utfordringen tok vi selvfølgelig umiddelbart», seier LHL-leiar Aarstein til Driva. Ros til Aarstein og hjelparar for oppfølginga. Flott at einskildpersonar, lag og organisasjonar og næringsliv støttar denne innsamlinga.

Johs. J. Vaag